annonse

Tradisjonsrik lærdom i tradisjonsrik skulestove

: Samson Øvstebø (midt i biletet) var kyndig vegleiar på kipekurset som Husflidslaget arrangerte i helga.
: Full konsentrasjon. Tove Stautland Stokka var ei av dei som prøvde seg på kipemakar-kunsten.
: Det gjekk med ein pakke og to med plaster, vedgår initiativtakar til kurset, Tone Vold.
: Odd Engen prøver å få kipeband av braken.
: Det går sakte men sikkert på fram.
: Å hjelpa kvarandre er viktig, Her er det Agnes Grindheim som gjev dottera Øydis Grindheim ei hjelpande hand.

Husflidslaga held liv i gamle handverkstradisjonar. Det gjer også Bømlo Husflidslag.

I helga arrangerte dei «kipe-kurs». Samson Øvstebø auste av sine kunnskapar om korleis ein lagar kiper og tiner i Husflidsstova på Sakseid. Kurset var fullteikna med i alt tolv deltakarar.
Husflidslaga er normalt oppfatta som «dameforeiningar», men på kurset i helga deltok det også tre mannfolk.
- Dette var svært gledeleg, seier kursansvarleg Tone Vold.
Hun seier vidare at kipebinding er på raudlista over handverkstradisjonar som held på å forsvinne. Heldigvis er det mange som vil lære seg kunsten. Kanskje blir det fleire kurs seinare, seier ho.
Det vanskelegaste med bindinga er å klare å dele eineren (braken) i tynne band, slik at den blir god å bruke.
Deltakarane jobba intenst heile helga, og alle vart ferdige med produktet sitt. Nokre laga til og med to produkt!
Ein kjenner det i armar og fingrar når ein ikkje er van med det!
Samson Øvstebø var ein veldig dyktig kursleiar. Han hadde gjort mykje forarbeid, noko som gjorde at kursdeltakerne kunne få ferdige sine kiper og tiner i løpet av helga. Han brenn for at flest mogeleg skal lære seg kunsten med å binde kiper. Han snakka også om å lage tau av lindebast, bruke teger og mykje anna.
Deltakarane var godt fornøgde då dei gjekk heim med produkta sine!
Geir Einarsen - Tekst og foto

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.