annonse

TV-pastor Svartdahl held samlingshelg i kulturhuset

«Reisen hjem»
«Reisen hjem»: Egil Svartdahl er truleg mest kjend for å leia TV-programmet «Reisen hjem» der han tek med seg kjende personar tilbake til heimlege trakter og snakkar med dei om tru og tvil. Pressefoto (Foto: )

Pastor Egil Svartdal har sett av ei heil helg i april til å vera på Bømlo. Frå fredag til Søndag skal han ha ulike møte med og for bømlingane, i kulturhuset.

  • | Randi Olsen

I snart eitt år har dei tre foreiningane Salem, Sion og Kristent Fellesskap på Bømlo jobba med møteserien som skal vera på kulturhuset frå 13. til 15. april.

– Det har vore viktig å samarbeida om slike større arrangement, både av praktiske årsaker og for å nå ei større målgruppe, skriv talsperson Jone Røksund i ei pressemelding om møteserien. I 2016 jobba dei saman om ein Lynda Randle-konsert i Moster Amfi, og fekk gode tilbakemeldingar på det.

– Denne møteserien vil ikkje bli som eit tradisjonelt møte på bedehuset. Svartdahl er ein av dei beste kommunikatorane i landet og han skal snakka om tru, håp og kjærleik, skriv Røksund.

«Endeleg fredag» er det første møtet i serien, der Bømlo Gospel vil delta. Her er det tru som vert tema.

Laurdagskvelden er det «søtt og salt» som står på menyen. Det er eit konsept som er utvikla av Salem og Sion på Moster, og laurdagskvelden står håpet i sentrum. Då vil Hildegard og Audun Halleraker fortelja om det å gripa fat i håpet i møtet med alvorleg sjukdom, i samtale med lege Kristine Borgemyr. Musikar Arvid Pettersen og bandet hans vil syta for fin musikk til samtalane.

Søndagen vert møteserien avslutta med storsamling i storsalen i kulturhuset, og då er det kjærleiken som står i sentrum. Arvid Pettersen og bandet hans syt for songen og musikken.

– Me vonar at alle andre bedehus og forsamlingar vil nytta høvet til å bli med oss denne helga. Det er gjerne lurt å tinga plass på førehand dersom du vil sikra deg plass, oppmodar Jone Røksund.

randi@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.