Vamp er tilbake i amfiet

Neste veke kan det blir stor- stemning i Moster Amfi, då Vamp er tilbake på Bømlo.
Vamp og sommarturné heng saman, og sommaren 2017 er ikkje noko unnatak.
I fjor sommar spelte dei for eit tusentals publikummarar på Kanalen, i eit høljande regnvêr, i år satsar dei på Moster Amfi.
Torsdag 20. juli riggar dei seg til.
Vampkatalaogen er stor og innhaldsrik og har ei rekkje låtar som passar spesielt for denne årstida, heiter det i pressemeldinga som er send ut før konserten.
Vamp kjem med nytt album i oktober, og nyleg kom singelen «Onkel Holger».
Dei skal ha kring 40 konsertar rundt om i landet i sommar, mellom anna var dei på Tysnesfest tidlegare denne veka.
Vamp kjem til Moster med denne besetninga: Øyvind Staveland (fele, fløyter, vokal, bratsj og trekkspel), Jan Toft (vokal og gitar), Odin Staveland (trommer, vokal, piano, perkusjon og trekkspel), Bjørn Berge (gitarar, banjo og vokal), Kjetil Dalland (bass og kor) og Lars-Erik Støle (orgel, trekkspel og kor).
randi.olsen@bomlo-nytt.no
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.