annonse

Vidar Johnsen sjarmerte Espevær

God konsert
God konsert: Det er 13 år sidan Torbjørn Økland og Vidar Johnsen var med i Vamp og heldt konsert i Espevær. Dei to heldt ein flott sommarkonsert ved Gamleposten (Foto: Håvard Hammarstrøm)
«Inn i mitt liv»
«Inn i mitt liv»: Vidar Johnsen syng den vakre kjærleikssongen «Inn i mitt liv» for Sandra Holmvik (sitjande framfor scenen) og resten av publikum (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Haugesundarar på konsert
Haugesundarar på konsert: Sandra Holmvik, Helena Bjørndal og Arne Bjørndal koste seg på konsert (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Sandra Holmvik fekk ønsket sitt oppfylt då Vidar Johnsen song «Inn i mitt liv» under årets sommarkonsert i Espevær.

Håvard Hammarstrøm

Det var under ekstranummeret Holmvik tok mot til seg og ropte «Inn i mitt liv» som ønske til Johnsen, og han svarte at den songen skulle han med glede syngje. Men då måtte Holmvik komma fram. Ho sette seg framfor scenen og Johnsen song.

Flott ramme rundt konserten

I underkant av 200 personar fann vegen til Gamleposten i Espevær for å få med seg konserten med tidlegare Vamp-vokalist Johnsen og tidlegare Vamp-gitarist Torbjørn Økland.

Nokre hadde hatt ein betre middag før konserten, medan andre kom til konsertstart klokka 18.

God konsert
God konsert: Det er 13 år sidan Torbjørn Økland og Vidar Johnsen var med i Vamp og heldt konsert i Espevær. Dei to heldt ein flott sommarkonsert ved Gamleposten Foto: Håvard Hammarstrøm

Johnsen og gitarist Torbjørn Økland møtte Bømlo-nytt like før konserten. For 13 år sidan var dei begge med i Vamp då bandet heldt sommarkonsert i Espevær. No gledde dei seg til å halde konsert som duo ved Gamleposten. Johnsen forklarer korleis det har seg at dei to held denne konserten saman:

– Me spelte saman sju år i Vamp, og i fjor fann me ut at me ville spele litt saman igjen. Det vart vel tre konsertar, så dette er fjerde konserten me gjer saman etter at me slutta i Vamp. Det er ein slags reunion. Me har det gøy saman, og kjenner lyden av kvarandre.

Julekonsert på Bømlo?

– Ja, me spelte mykje saman før og har kjemien, skyt Økland inn, før Johnsen held fram:

– Me var her i Espevær med Vamp i 2006, og det er kjekt å vera tilbake. Folk kjem hit når det er konsert, og mange av dei som er her i dag er tilreisande. Mange kjem med båt, og nokre kjem langvegsfrå. Det er litt Woodstock-stemning, seier han med eit smil. Johnsen fortel at setlista, som Økland er i ferd med å skrive ferdig, inneheld ei god blanding. Her er låtar han har gjort som soloartist, låtar han har gjort saman med svenske Petter Nordberg, og sjølvsagt Vamp-låtar.

Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: Foto: Håvard Hammarstrøm

– Har de fleire konsertar i sommar?

– Me har konsert i Åsgårdstrand i morgon, det blir konsert på Sildajazzen, og det blir også ein konsert på skalldyrfestivalen i Mandal. 27. november startar juleturnéen som varer fram til jul.

– Blir det julekonsert på Bømlo?

– Me veit at me skal til Stord, men me er i dialog med Bømlo kulturhus. Det er ingenting som er avtalt der enno, men det kan hende me kjem tilbake til Bømlo. Men no er me her. Me gler oss veldig til konserten, svarer Johnsen.

Herleg sommarkonsert

Torstein Hatlevik gjekk på scenen og ønskte alle velkomne, før Johnsen og Økland tro til med «13 humler» og serverte ein herleg sommarkonsert for publikum i kveldssola. Publikum sat i bakken, stod framfor scenen eller hadde benkja seg på terrassen til Gamleposten. Johnsen hadde rett i at det vart litt festivalstemning i det strålande sommarvêret.

Innimellom dei 16 songane, deriblant ein god cover av Peter Gabriels «Love To be Loved», krydra Johnsen med gode historier frå si artistkarriere. Han sa også at dei likte å vera først, og hinta til at dette var den første konserten av forhåpentleg fleire ved Gamleposten.

Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: Foto: Håvard Hammarstrøm

På lista over songar stod sjølvsagt Vamp-slagerar som «Tir n´a Noir», «Månemannen» og «Fuglane vett», og då var det stor stemning og allsong hos publikum. Høgdepunktet for underteikna, og sikkert fleire, var likevel den vakre kjærleikssongen «Inn i mitt liv». Publikum storkoste seg.

Bryllaupssong

– Kvifor ønskte du deg «Inn i mitt liv» Holmvik?

– Eg skal syngje denne songen når bestevenninna mi, Elisabeth Aasbøe, giftar seg i september. Eg er veldig glad for at eg fekk høyra songen «live» her, og at han høyrde meg, svarer ho. Holmvik fortel at stefaren hennar hadde barndomsheimen sin i Espevær, og at det alltid er kjekt å komma hit.

– Dette var slik ein sommarkonsert skal vera. God lyd, god vokalist, flink gitarist, fin musikk og god stemning.

Sommarkonsert i Espevær
Sommarkonsert i Espevær: Foto: Håvard Hammarstrøm

Etter konserten sit ho ved sidan av haugesundarane Helena Bjørndal og faren hennar Arne Bjørndal. Dei har hatt tradisjon for å reise til Espevær om sommaren, men dette er deira første sommar her med eiga hytte ved Hummarpaken.

– Dette var veldig bra! seier Helena.

– Fantastisk! Det å ha Gamleposten som ramme gjer dette heilt unikt. Eg håper det blir fast tradisjon med sommarkonsert her, seier Arne. Medan Johnsen og Økland tek 2030-båten frå Espevær og set kursen for Austlandet, gjer Aina Størksen seg klar til å spele opp til dans på Gamleposten.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.