annonse

Vidare etter siger i agent-duell

HARDT
HARDT: Å krypa under piggtråd høyrer med til hinderløypa i utslagskonkurransen. Bjørn Asle Teige var raskast gjennom. (Foto: STRIX/NRK)

Føljetongen med agent Bjørn Asle Teige held fram i Den ultimate agent.

Nils-Tore Sele

Mange bømlingar følgde laurdag kveld garantert med på korleis det gjekk med Bjørn Asle Teige frå Rubbestadneset i første episode av Den ultimate agent på NRK tv.

Agent Teige måtte ut i duell med to av sine lagkameratar for å komma seg vidare. Her vart han best etter å ha vore kjappast med å løysa teorioppgåver og ta seg gjennom ei hinderløype. Den som kom sist av dei tre måtte reisa heim.

56-åringen er dermed klar for nye agentoppgåver i neste episode av serien som vert vist kommande laurdag.

Teige er ein av i utgangspunktet 16 personar som konkurrerer om å bli vinnaren av tevlingsprogrammet. Innspelinga av serien har gått føre seg i Budapest.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.