annonse

Å Vestland, Vestland

* I går bestemte regjeringa og statsråd Monica Mæland at Hordaland og Sogn og Fjordane får nytt namn frå 1. januar 2020. Då skal det heita Vestland fylke. Prøv å sei det ein gong til: Vestland fylke. Det er ikkje noko godt namn å seia, etter vår meining, tvert om er det elendig språk. Det opphavlege forslaget frå dei to fylkesordførarane var Vestlandet, men dei måtte gjera ein vri etter massiv motstand frå både Rogaland og Møre og Romsdal som meiner Vestlandet også omfattar deira fylke, og såg på namneforslaget som ei provokasjon. Dermed vart dei to siste bokstavane fjerna, og resultatet er at me frå 1.1.2020 skal bu i Vestland fylke.

* Me har ikkje noko godt alternativt forslag, for me tykkjer heile den såkalla regionreforma, å slå saman fylke til færre regionar, er heilt feilslått. Me ser at å slå saman dei to trøndelagsfylka og dei to agderfylka til eitt kan vera fordelaktig, men å tvangssamanslå dei som ikkje vil, til store, unaturlege einingar, er etter vår meining, heilt feilslått.

* Det er desverre ikkje noko sterkt folkeleg engasjement kring fylkessamanslåinga her i distriktet. Korleis vil til dømes nominasjonen til dei fylkeskommunale vallistene bli ved neste lokalval? De er allereie i 2019, skal me då velje representantar til det nye store fylkestinget? Kor stor blir representasjonen frå Sunnhordlandsregionen i det nye store fylkestinget? Blir me i endå større mindretal enn me er i dagens ting?

* Og veit me no noko om korleis administrasjonen av det nye fylket blir? Kor skal vegstyresmaktene sitja og opplæringsetaten? Blir han delt mellom Bergen og distrikta? Kva skjer mellom anna med den vidare skulen på Bømlo no når dei byggjer ny vidaregåande skule på Stord til ein kvart milliard kroner? Vil politikarane i det nye storfylket sjå Bømlo og det private initiativet som har komme i Rubbestadneset, eller vil dei sjå regionen under eitt? Her er mange viktige, uløyste spørsmål.

* Det einaste me veit heilt sikkert er at samanslåinga vil kosta pengar, mange pengar. Berre utgiftene til nye logoar, nye skilt og slike praktiske «småting» vil vera store. Me ventar framleis dei store viktige oppgåvene som skulle overførast til dei nye storfylka og storkommunane. Og me ventar i spenning. I mellomtida må me øva oss på å seia Vestland fylke. Fysjom fei!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.