annonse

Bømlo-nytt held koken!

Den dagen dei godkjende opplagstala for trykte medium vert presenterte er den dagen i året me som jobbar i bransjen får vita status. Har opplaget auka? Eller har me mista mange abonnentar det siste året? Det kan høyrast rart ut at me ikkje får desse tala fortløpande, men der er visse utrekningar som skal gjerast i høve til abonnement over kortare eller lengre tid, laussal og andre ting som til slutt munnar ut i godkjent opplagstal. Difor vert me også så glade når talet er på plussida, og naturleg nok jo større pluss, jo gladare blir me.

Bømlo-nytt er heldige og går i pluss det siste året. Med 64. Det set me stor pris på. Me gjennomførte ein del endringar i løpet av fjoråret, og var svært spente på korleis dei ville slå ut på opplagstala. Mellom anna reduserte me talet på utkomstdagar frå tre til to, og me byrja også å ta betalt for sakene våre som me publiserte på nettet. Me håpa og trudde at også bømlingane forstod at me måtte gjennomføra desse åtgjerdene for å halda oppe produksjonen, at bømlingar flest forstår at å gje vekk sakene på nett er det same som å undergrava heile verksemda vår.

Medieverda vert meir og meir digitalisert, og særleg det siste året har me sett at også fleire og fleire bømlingar helst les avisa på nett. Då må me forholda oss til det og levera sakene våre der dei blir lesne. Me ser at størstedelen av dei som les avisa digitalt brukar mobiltelefonen, nokre brukar nettbretta sine, medan andre er på mac eller pc. I og med at opplaget har auka, så trur me at me er på rett veg med satsinga vår. Me har skunda oss langsamt, og trur me har tent på det.

Me ser at både små og store redaksjonar slit med å skaffa inntekter gjennom annonsar i tillegg til at dei mistar abonnentar. Konkurransen om kundane og lesarane er stadig aukande. Men me i lokalavisene er heldige som er i den unike situasjonen at få andre medium som dekkjer dei same sakene som oss, sjølv om sosiale medium er sterke konkurrentar om annonsekronene også lokalt. Me synest naturleg nok det er stas å ha opplagsauke, og vil gjerne seia takk for følgjet til alle også dette året. Bømlo er ein utruleg innhaldsrik kommune å driva avis i, det kan me skriva under på etter eit særs variert avisår. Me vonar på framleis støtte, og lovar å gjera vårt beste for å spegla bømlasamfunnet det kommande året også. Me har mange saker på kartet!


Klikk for å sjå kommentarar ()