annonse

Godt nytt år!

Om berre nokre timar er 2017 over, og 365 dagar i det som blir 2018 ligg framfor oss klare til å fyllast med innhald. Dei siste timane i året er ofte brukte til ettertanke, til å tenkja tilbake på året som er gått og til å fundera over kva det nye året vil bringa. 2017 er for mange eit lukkeleg år, medan andre har opplevd det vondaste og verste i livet sitt dette året.

Sidan det ikkje er valår i 2018, vil det truleg bli eit normalt og godt arbeidsår for folk flest, både lokalt og nasjonalt. Ikkje noko heftig valkamp endå, sjølv om ein så smått byrjar førebu kommunevalet og fylkestingsvalet i 2019. Partia lyt tenkje fram mot nominasjon og kven som skal lanserast på listene rett over årsskiftet, og det kan gå mot ein spennande nominasjon og valkamp lokalt.

Det verkar å vera ein viss optimisme blant folk no. Handelsnæringa melder om gode tal for julehalndelen, arbeidsløysetala er på veg ned og gravemaskinane er så smått byrja jobba på gigantprosjektet i Rubbestadneset. Også fiskerihamna i Hovlandshagen kjem stadig nærare, og også der er det mange nye arbeidsplassar i kjømda både når hamna vert bygt og når ho er ferdig. Både prosjektet i Rubbestdaneset og fiskerihamna i Hovlandshagen kjem til å føra med seg store lokale ringverknader og mange nye arbeidsplassar.

Dei to største einskildhendingane i Bømlo dette året, som me veit om per i dag ialle-fall, er nok først flyttesjauen frå gammal til ny Bremnes ungdomsskule. Det vert ein festdag av dei sjeldne når elevar og lærarar endeleg kan ta den flotte nye skulebygget i bruk. Deretter opnar det nye symjeanlegget like i nærleiken. Det vil alle ha nytte og glede av, både dei som bur på Bømlo og andre.

Me vonar 2018 blir eit flott år for innbyggjarane i Bømlo, og at dei som har hatt eit vondt 2017, får styrke og kraft til å sjå gleda i små og etter kvart større ting i det nye året. Me ynskjer alle eit godt og optimistisk nytt år!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.