annonse

Klart for nasjonal- dagsfeiring

* I morgon brakar det laus grytidleg på morgonen, bokstaveleg tala, med salutt for 17. mai. Musikantar i alle aldrar og fasongar er oppe i otta for å vera med på den største og lengste korpsdagen i året, der korpsingar over heile landet til saman har gått mange, mange mil med instrumenta sine når dagen er over. Det skal spelast marsjar, nasjonalsongar og litt anna i timevis, og mange små og store føter er nok rimeleg utgåtte når nasjonaldagen er omme. Stor honnør til alle som er med og lagar musikalsk fest over nasjonaldagen vår.

* Sjølv om det vert gjennomført åtgjerder av tryggleiksomsyn både i store og små byar, meir eller mindre synlege, er me heldige som kan kle oss i vår finaste stas og gå ut og feira nasjonaldagen vår slik me gjer det i Noreg. Flagga går til topps, og barna står i fokus denne dagen. Ingen andre land mønstrar til barnetog som me gjer, og tradisjonen tru står kongefamilien på balkongen sin og vinkar til alle barna. Ingen militærparadar i verda kan måla seg med barnetoga våre.

* Men det er også viktig å ikkje ta dette for gitt. Situasjonen rundt oss er meir uviss enn på mange tiår. Berre nokre timar frå oss med fly er barn og foreldre på flukt frå krig og elende i sitt eige land, og trugsmål frå statsleiarar kringom i dei ulike verdsdelane er egna til å skapa frykt for framtida. Det ligg heile tida i oss eit sterkt håp om at fornufta må sigra, og at optimistane vil vinna.

* Me skal sjølvsagt gle oss over at me kan feira nasjonaldagen i eit fritt og flott Norge, at me kan seia, meina og tru kva me vil i dette landet. Men me må ikkje gløyma at nokon har betalt ein pris for denne fridomen vår, og at kampane for at folk skal få dei same rettane i andre land, framleis går føre seg. Om ikkje rett utanfor stovedøra, så i alle fall litt borti gata. God 17. mai!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.