annonse

Miljø spesial

* Fredag var Bjørn Ingvaldsen ute og trekte garn. Med opp frå «djupet» i Grindheims- vågen følgde ein velvaksen torsk på kring 12 kilo. Full av rogn, tenkte hobbyfiskaren først då han såg den runde magen. Men synet som møtte han då han sløydde torsken, var berre vondt og trist. For i magesekken låg ei avskoren halvannanliters plastflaske, med væske. I skrivande stund, måndag etter- middag, har historia om «plasttorsken» nådd kinesiske medium, så det er tydeleg at dette engasjerer.

* Og det bør det. Plasten i havet har lenge vore tema i ulike fora, både nasjonalt og internasjonalt. No ser me verkeleg kor gale det er, også på vår eigen dørstokk. Korleis torsken har greidd å få i seg den store plastflaska, er ei gåte, men han må ha hatt det veldig vondt medan han har sumt rundt med plastflaska i magen. Me vil også minna om at det er ille for bøndene som må naudslakta dyra sine fordi dei har fått i seg tomme øl- og brusboksar som er blitt kasta på jorde langs vegane våre. Ein kan berre tenkja seg smertene dyra opplever med ein sundbiten aluminiumsboks i magen. Me må alle ta ansvar for at verken fugl, fisk eller dyr på landjorda må gå gjennom slike pinsler på grunn av vår likesæle og latskap. Panten bør setjast opp så det monnar, og det bør få konsekvensar å kasta søppel i naturen i større grad enn i dag.

* Med avisa i dag har me i Bømlo-nytt prøvd å setja eit aldri så lite fokus på miljø ved å laga ei miljø spesialavis. Som med plastproblema, sneiar me berre så vidt innom toppen av plastfjellet. Det er ikkje tilfeldig at me har valt denne veka. Den store strandryddeaksjonen vart gjennomført sist helg, og denne veka set Sim i gang med å samla inn plast frå husstandane. Men me har også prøvd å sjå på andre sider ved miljøet rundt oss. Bruk og kast-mentaliteten, psykososialt miljø ved å syngja i kor saman, korleis dei yngste barna er opptekne av miljøet på jorda og kortreiste varer og tenester. Me har laga ein liten ny vignett for høvet, med ein liten grøn gris. Denne vil me også bruka framover for å visa at miljøsakene framleis vil stå på dagsorden i Bømlo-nytt.

* Me vonar lesarane våre vil setja pris på den grøne avisa vår og at de vil halda fram med å tipsa om «grøne» saker. Og komma med andre fargerike tips.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.