annonse

Arbeidarpartiet vil ha ein skule der alle kan lukkast

No er me om lag tre veker inne i skuleåret. Mange har vore gjennom skulestarten før, men for førsteklassingane har denne hausten vore deira første møte med skulen. Dei har nok gått og gledd seg til skulestarten i heile sommar. Nye skulesekkar er innkjøpte og dei nye pennalhusa fylte med blyantar.

Borna er heldigvis lukkeleg uvitande om at ein allereie no kan peika på kvar fjerde elev i klassen og vita nesten sikkert at dei kjem til å droppa ut før dei er ferdige med utdanninga si. Kvar fjerde elev fell ut av skulen kvart år, og denne delen har vore konstant i 20 år. Femten tusen menneske årleg som ikkje vert ferdige med utdanninga si og som ikkje har noko å falla attende på.

Albert Einstein sa at «definisjonen på galskap er å gjera det same om og om att og forventa eit anna resultat». Det er eit bilete på kva som vil skje med førsteklassingane i dag om ikkje politikken vert endra og me gjer noko for alle dei som treng det.

Me i Arbeidarpartiet har store ambisjonar på vegner av den norske skulen. Me er heilt avhengige av at spesialundervisninga startar tidlegare viss me skal gje alle elevar moglegheit til å læra seg å rekna, skriva og lesa. Me i Arbeidarpartiet vil ha ein lesa-, skriva- og reknagaranti. Denne inneber at skulen allereie etter 2. klasse skal gje intensivundervisning til dei borna som slit, slik at alle lærer seg desse heilt grunnleggjande dugleikane godt. Skulane skal få eigne spesialistar og tilgang på spesialteam som skal bidra til at ein kan innfri garantien.

Me skal sjå kvar elev og gje alle moglegheit til å verta den aller beste versjonen av seg sjølv. Derfor vil me ha 3000 nye lærarar. Fleire lærarar vil sikra at dei sterkaste får fleire utfordringar, men òg hjelpa dei svakaste med å løysa sine utfordringar.

Me skal fjerna tidstjuvane i skulen som stel av tida lærarane skal bruka på det viktigaste, nemleg læringa. Det betyr at me skal kutta i byråkratiet og rapporteringa, me skal gjennomføra ein tillitsreform som gjev læraren moglegheit til å gjera det han meiner er best for eleven og me skal innføra meir konkrete læreplanar med færre og tydelegare mål.

Me veit også at trygge elevar lærer best. Altfor mange elevar går i dag på skulen med ein klump i magen, på skulen vert dei møtte av mobbarar som øydelegg dagen og potensielt framtida deira. Mobbing er eit samfunnsproblem, og born som vert mobba lærer mindre og er meir utsette for sjukdom og problem seinare i livet.

Me må få slutt på mobbinga for at alle elevar skal med. Me vil gje skulehelsetenesta dei midla dei treng for å følgja opp og hjelpa dei som er utsette for mobbing. Men me skal også etablera beredskapsteam mot mobbing i alle kommunar og sikra at alle kommunar kan nok om mobbing slik at dei kan få stoppa mobbinga på skulane.

Me i Arbeidarpartiet skal skapa verdas beste skule, for stor og liten. Målet vårt er at alle skal med.

Øystein Hassel

Stortingskandidat for Hordaland Arbeidarparti

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.