annonse

Bømlo og kommuneøkonomi

Gruppeleiaren til Bømlo Arbeiderparti kom med påstander om at regjeringen har sørga for ein svak kommuneøkonomi. Dette sa ho både på valdebatten i kulturhuset og i avisa. Det blir ikkje riktigare av den grunn.

Fakta er alltid greit å helde seg til. Fakta er at regjeringen og stortingsfleirtalet i denne perioden har styrka kommuneøkonomien. Eg sa 2016 er det beste året for kommuneøkonomien i dette årtusen. Faktasjekk slo fast at var ein heilt riktig påstand.

Også Bømlo har fått meir. Netto driftsresultat har utviklet seg positivt for Bømlo dei siste års. I 2016 hadde kommunen 3,9%.

Kommunen har no gjennom våre fire år bygd opp eit disposisjonsfond med 44 mill kr.

Får me fire nye år vil me helde fram med å styrke kommuneøkonomien vidare. Det betyr og meir til Bømlo. Det er mulig i ein valkamp å svartmale mykje, men innanfor kommuneøkonomi er det vanskeleg å seie at sittande regjering ikkje har levert.

Helge Andre Njåstad (FRP) leder kommunal- og forvaltningskomiteen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.