annonse

Formueskatten rammar småbedrifter i nærmiljøet ditt!

Som regionleiar i Bedriftsforbundet og føretakseigar sjølv, er det vanskeleg å ikkje verte provosert av debatten om formueskatten, som har vore denne valkampen.

Det verkar som om politikarane ikkje har fått med seg at to av tre føretak har under ni tilsette, og at formueskatten i veldig stor grad vert betalt av gårdeigaren, gründeren, det vesle industriføretaket og handverkaren. Og dei fleste av dei på småstadar, der det lokale næringslivet er svært viktig.

I den komande Stortingsperioden ventar vi meir av våre folkevalde. Uavhengig av politisk standpunkt, meinar eg det er nokre vesentleg poeng som bør liggja som premiss i debatten: Formueskatt på arbeidande kapital vert betalt av totalt 300.000 personar. 92 prosent av disse har ei formue på under ti millionar kroner. I denne perioden har regjeringa redusert formueskatten med 5,3 milliardar kroner. Men sidan formuesverdien på eigedom, næringseigedom og aksjar har auka, betalar norsk næringsliv like mykje inn til staten i formueskatt som for fire år sidan.

Formueskatten vert med andre ord betalt, ikkje berre av folk som Stein Erik Hagen og dei andre milliardærane. Formue er ikkje nødvendigvis pengar i banken. Formuen til føretakseigarane der du bur, består òg av varelager, verktøy, bilar og verdien av næringseigedom. Går ein med underskot, må ein òg betale formueskatten, sjølv om ein ikkje har pengar i banken.

Vi ynskjer norsk eierskap. Formueskatten gjev fordel til utanlandske eigarar. Eit døme er at eit norsk familieeigd hotell må betala formueskatt, medan større kjeder som har utanlandske eigarar slepp.

Eg har forståing for at dei med sterkast rygg skal løfte tyngst og bere mest. Men slik formueskatten er i dag, vert det mange små og mellomstore med prolaps og vond rygg, som må løfte tyngre.

Vi i Bedriftsforbundet skal jobbe hardt for ein meir sakleg debatt om formueskatt, og der «kvardagsnæringslivet» der du bur, skal verte ivareteke.

Edita Jakubkiene

Bedriftsforbundet Region Vest

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.