annonse

Langevåg Utvikling om ny helseplan

: (Foto: )

Langevåg utvikling set stor pris på å bli tatt med på rådgjeving i ei så stor og viktig sak. Vi ynskjer og å vera ein god støttespelar i dette arbeidet.

I eit folkehelseperspektiv er vi samde i at viktige samfunnsutfordringer må bli løyste i samspel mellom offentlige, private og frivillige. I ei slikt samspel må avstanden mellom hjelpar og dei som treng hjelp ikkje bli for stor.

Slik Langevåg Utvikling ser det, må det nøye vurderast om planen kan gjennomførast vedrørande reell brukarmedverknad og frivillig innsats.

Kor langt er kommunen komen i sitt arbeid som tilretteleggjar og koordinator? (Planlegging, felles fagleg plattform og kontinuitet.)

Brukarmedverknad på individnivå må føregå i nærmiljøet vårt!

For Langevåg betyr dette nærhet til tenestene og fokus på rekruttering og kompetanse.

Langevåg Utvikling ynskjer å uttrykkja stor bekymring knytta til reduksjon av institusjonsplassar grunna demografisk endring og eventuelle reduserte behov. Likeeins er Langevåg Utvikling sterkt bekymra over at det vurderast å samlokalisere kjøkkendrifta til BBH. Måltida og då spesielt middag er svært viktig for matlyst og trivsel. Stiller oss også undrande til problemstillinga vedrørande redusert behov med tanke på «eldrebølga».

Dette temaet er spesielt viktig med tanke på at Bømlo kommune kjem veldig svakt ut i en stor undersøking utført av SSB der ein slår fast at innbyggarane må vente lengre enn vanleg på sjukeheimsplass og helsetenester.

Det er politisk vedtatt i kommuneplanen at Bømlo kommune skal ha delsentrum. Dette inneber at delsentra må/skal ha dei viktigaste offentlege tilboda i nærmiljøet.

Søre Bømlo omsorgsområde fungerer svært godt i dag. Dei har gode integrerte tenester.

Bebuerane på omsorgstunet, mottakarane av omsorgstenester i bygda og deira pårørande er fornøgde og trygge mottakarar av tenestene.

Dei pårørande er ein god, hjelpsom og viktig ressurs for sine og for dei tilsette. Dette får dei til pga. korte avstander i bygda.

Bømlo Omsorgstun er ei viktig nerve i lokalsamfunnet vårt. Dei tilsette er fornøgde, har varierte arbeidsoppgaver, eit godt arbeidsmiljø og er i bygda kjende for å trø til når behovet tilseier det.

I denne integrerte tenestemodellen blir den einskilde brukar og brukaren sitt behov sett og støtta. Dette gjev og grunn til å tru at her blir dreve god førebygging, som igjen sparer tenestebehovet.

Langevåg Utvikling har fått mange signal frå bygdafolk som er svært urolege for eventuelle endringar i det gode omsorgstilbodet me har pr. i dag. Pårørande er opprørte/engstelege, og kjem med mange problemstillingar, ofte knytta til nærhet til sine eldre. Frivillige har gjort ein uvurderlig innsats knytta opp mot omsorgstunet og bebuarane der. Også det blir det stilt spørsmål om no.

Langevåg Utvikling støttar deira syn, og uttrykkjer uro over å samle tenestene i eit stort område. Vi ser det som svært viktig å ha Bømlo omsorgsområde som eige område. Vi ser kun fordeler både for brukerar, dei tilsette og miljø.

Bømlo kommune har vedtatt at vi skal vera eigen kommune.

lnnbyggjarane i kommunen har klare forventninger om at nærhet til tenestene er det som best ivaretar deira behov. Vi meiner dette også er svært viktig i den videre planlegginga av HSO-tenester.

Det er vanskeleg å driva næringsutvikling her når kommunen samstundes arbeider med planlegging for mulig nedbygging av f.eks kjøkkenfunksjonen og reduksjon av institusjonsplasser.

Fagfolk på utvikling gjev det klare råd at alle tenester og næringsutvikling må sjåast i samanheng. Tek ein først bort tenester er det lett å fortsetja og vanskeleg å reversera.

I samspel med kommunen må ein ha målretta satsing på rekruttering og kompetanse for å kunna tilretteleggja for videre utvikling av bygda. Då vil unge busetja seg her, folk blir buande og dei eldre får gode tenester når dei treng det.

I dag har vi stagnering i busetnaden. Dette er noko vi brukar tid og ressurser på å snu. Ein av dei viktigaste grunnane til at folk flyttar på seg er arbeid. Omsorgsområdet er ein av dei største arbeidplassane her sør, og har gitt grunnlag for tilflytting.

Langevåg Utvikling har diskutert at dersom det skulle bli etablert storkjøkken som skal «sørva» heile kommunen, kunne det blitt lagt til eit delsentrum! lnvestering og miljøkonsekvenser skulle bli den same. Her er det bruk for fleire arbeidsplasser, og kompetanse har me lokalt.

Bømlo kommune har eit klart ynskje om vekst! Veks delsentra, veks kommunen!

Langevåg Utvikling slår fast at det er mykje positivt engasjement på Langevåg med tanke på framtid og utvikling. Vi har folk som står på for framtidig utvikling, og vi ynskjer at endringane innafor helse og omsorgstenester ikkje blir eit tema i nær framtid.

Med helsing Langevåg Utvikling

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.