annonse

No treng vi eit skippertak!

: Plastsøppel? Ein stor blåstål vart laga som eit kunstprosjekt i 2017. heile fisken var laga av plastsøppel. Fisken er i dag stilt ut på Vil Vite-senteret i Bergen. Arkivfoto (Foto: )
I opplag
I opplag: 135 offshoreskip ligg for tida i opplag langs kysten. Desse to låg i Måløy i sommar. Bør dei ikkje heller nyttast til å rydda plasten i havet og langs kysten? spør Martin Alvsvåg. (Foto: Privat)

Akkurat no ligg 135 offshore-skip i opplag langs Norskekysten. Akkurat no går flinke sjøfolk på NAV. Akkurat no ligg det mengder av båtvrak, øydelagt fiskeutstyr og emballasje langs vår kyst og andre kystar og blir malt til mikroplast. No ligg faktisk alt til rette for tidenes Rusken-aksjon på havet og langs strendene.

Det er eit nytt år, tida for nye tankar. Skal vi framleis sitja stille i båten, eller skal 2018 bli året då ting snudde til det betre? Gjer vi like lite som hittil, vil det i 2050 vera fleire kilo plast enn fisk i havet. Kan ikkje vi som seier vi elskar havet, no visa at vi faktisk gjer det?

Rundt 150 millionar tonn plast flyt rundt eller har søkkt i havet. Og kvart døgn må verdshava svelgje unna 1500 nye lastebillass! Plasten blir fragmentert, men ikkje borte. Både fisk, fugl, kval og kvardagsheltar får i seg svineriet.

Skal vi få bukt med dette problemet må vi, slik eg ser det, foreta to svære løft som heng nøye saman:

1. Innføre ordningar som gjer at brukt plast blir verdifull.

2. Samle opp plasten som har blitt kasta.

Rause panteordningar må til for at folk flest skal slutta å kaste plast. Kva med 1 dollar pr kilo plast? Over heile verda. Då hadde plasten blitt samla inn i stor skala, ikkje minst i land som India og Kina, der problemet er aller størst.

Kanskje er det vi i vesle Norge som skal gå fremst no og setja ein ny standard? Eit lite land, med stolte maritime tradisjonar, eit oljeland av dimensjonar. Og akkurat no med ein stor flåte med moderne spesialskip som ligg og ventar på jobb. Kompetente og kreative sjøfolk har vi også, vane med å sjå løysingar på utfordringar.

Tenk deg ein armada av norske båtar heime og ute som hentar opp oljeprodukt frå havet og vanskeleg tilgjengelege strender. Det er diverre nok til alle. Det hadde blitt lagt merke til. Det er klart det vil koste. Men det kostar også mykje å la vera. Plastsøppel forstyrrar økosystem, grisar til turiststrender og øydelegg propellar og vann-inntak for skipsfart og fiskeri. Det kostar ein del å ha 135 til dels nye båtar i opplag. Det blir dyr spiker om dei blir liggjande. Det er heller ikkje gratis å la sjøfolk gå på NAV, det skulle ikkje forundra meg om dei heller ville ha vore med på dette skippertaket.

Kanskje er eg naiv, men eg har faktisk tru på at myndigheiter, store selskap, organisasjonar og enkeltpersonar med mykje pengar kan ha lyst til å vera med på en slik Rusken-aksjon, både nasjonalt og internasjonalt.

Klimaet er grenselaust. Det betyr noko for oss korleis andre land handterer forureining og utslepp av ulike slag. Verdshava heng også saman og er ein ressurs vi menneske forvaltar i lag. Måtte 2018 bli året der vi tek dette på alvor.

Martin Alvsvåg

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.