annonse

Nye skivebommar

Jarle Sele innrømer i sitt siste innlegg at han ikkje har vore særleg presis i si framstelling av såkalla fakta knytt til innføring av bomring rundt Bremnes sentrum.

Han har difor i eit siste innlegg teke seg på tak for å vera meir presis i si formulering.

Det resulterer i følgjande påstand i forrige Bømlo-nytt: «Alle som pendlar ut av kommunen betalar dagleg for å bruke vegen. Det er fakta».

Så veit alle me andre at ein slik påstand representerer ei sanning med såpass mange modifikasjonar at også denne påstanden i realiteten er «løgn og …vas».

Pendlarane har naturlegvis som alle andre visse daglege kostnader med å kome seg til og frå sitt daglege arbeid. Tilfellet vil at dei er avhengig av å passere ein bomstasjon. Derfrå til å påstå at pendlarane er i ei særstilling i høve til andre og at dei betalar meir enn andre arbeidarar blir likevel heilt feil. Kostnader med å kome seg til og frå arbeid vil for alle kunne variere litt etter kor ein tilfeldigvis bur og kor ein tilfeldigvis har fått arbeid. Vidare vil det kunne variere litt også etter arbeidstid og skiftordningar. I tillegg vil tilgangen på kollektive transportmidlar og mulighetene for kompiskjøring kunne variere mykje.

Sjølv har eg bak meg 15 år med dagleg reise til Moster i eigen bil og har aldri kome på tanken om at det skulle vera synd i meg av den grunn. Fakta er likevel at med dagens kostnadsnivå for bilhald (plussminus 4 kroner pr. kjørt km.) vil ein sjå at ein bremnesing som jobbar på Moster (50 km x 4 kr =200kr. pr. dag) vil ha langt større utgifter knytt til dagleg kjøring til og frå jobb enn ein mostring som jobbar på verftet. (20 km x 4 kr + 40 kr x 2 i bompengar = 160 kr) På same måte vil ein bremnesing som jobbar på Verftet

(60 km x 4 + 40 kr. x 2 = 320) ha om lag same kostnader som ein søra bømling som jobbar på Bremnes eller i Rubbestadneset. (70km x 4 kr. =280 kr)

Når ein så veit, at pendlarar enten dei kjem frå Bremnes eller Moster, kan redusere sine kostnader til langt under det halve (i motsetning til sine kollegaer som arbeider på Bømlo) ved å bruke offentleg transportmiddel, kameratkjøring eller elbil så er det ikkje så heilt enkelt å skjøna kvifor det skulle vera grunnlag for Sele til å hevde sin neste påstand, nemleg den at «pendlarane ut av kommunen betalar ein urimeleg mykje større andel enn pendlarane på Bømlo».

Dette viser også at Sele framleis ikkje har fatta essensen i det som ligg føre av offentlege tal om den eksisterande bompengeordninga. Det er definitivt korkje pendlarane eller oss andre med klippekort som betalar eksisterande ring. Det gjer derimot dei om lag 50 prosent reisande som betalar full pris. Statistisk sett er majoriteten av desse reisande til og frå nordre luten av kommunen eller Bremnes-området. Konlusjonen av tørre tal og fakta er difor at mostringane og pendlarane har meir å takka bremnesingane for enn dei likar å innrøme.

Jarle Sele avsluttar sin samling av faktabeskrivelsar med påstanden om at – «lite antal brukarar …vart lagt til grunn for heving av bompengesatsane». Også dette er reint oppspinn frå Sele si side.

Grunnlaget for heving av bompengesatsane var enkelt og greitt at ein frå starten av hadde feilkalkulert andelen av fullt betalande kjøretøy i høve til andel elbilar og kjøretøy med moderasjonar. Trass i formidabel vekst i trafikken vart det altfor mange som reiste gratis og/eller med moderasjonar i høve til opprinnelege innteningsprognosar. Det er sanninga og den står å lese i sakspapira.

Det er godt at Jarle Sele har gjort det klart at han har avslutta sine bidrag i denne saka.

Han skulle berre gjort det tidlegare. Eg trur også at siste ord er sagt frå mi side om dette for ei stund.

Inge Håvard Habbestad

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.