annonse

Om omsorgsplassar i Bremnes og Moster

Ledig kapasitet
Ledig kapasitet: – Tykkjer politikarane det er greitt å ha ein flott sjukeheim, som me ikkje har råd å bruka? undrast Gjermund Vik. Han trur mange kunne hatt bruk for rom der. Arkivfoto (Foto: )

Nok ein gong eit lesarinnlegg om manglande tilbod til pleietrengjande på Moster, korleis det er i andre delar av kommunen veit eg ikkje. Lesarinnlegg som dette er ikkje hyggeleg å skrive, skulle ønskje det ikkje var nødvendig.

Men eg er frå fleire som har sett seg inn i saka på Moster blitt oppmoda om å få problema belyste, difor skriv eg innlegget likevel.

Meg og min bror har styrt med å skaffa sjukeheimsplass til vår mor på 91 år sidan april -17. Kommunen fatta 2 mai vedtak om at ho oppfylgde alle krav til sjukeheimsplass.

Manglande tilbod på Moster for dei som ikkje klarar seg sjølv har vore teke opp ei rekkje gonger, med kommuneleiing, noverande og tidlegare politikarar osv. Svaret var at det er ein flott ny sjukeheim på Svortland der ein kan bu når ein ikkje kan klara seg sjølv lengre. Derfor denne nedbygginga/omorganiseringa eller kva ein vil kalla det av Moster. At ein no ser behovet for institusjonsplassar også på Moster hjelper ikkje stort nett no.

Men no viser det seg at den nye sjukeheimen heller ikkje har plass til dei som treng det, dvs. ein har ledige rom, men ingen bemanning. «Strålte då sjukeheimen vart overlevert, eit knallflott bygg, eg er glad og stolt, sa einingsleiar. Dette er ein stor dag for Bømlo kommune, seier varaordførar Jorunn Løklingholm.» Dette var i Bømlo-nytt i 2014. Situasjon i 2017 er no slik at kommunen ikkje maktar å fylgje opp eigne vedtak om sjukeheimsplass.

Når eg skriv dette innlegget, tenkjer eg like mykje på andre. Eg er kjent med at mangel på sjukeheimsplass ikkje gjeld berre oss. Kor stort problemet er veit eg ikkje, men eg fryktar at det kan vera større enn me trur. Kven som helst av oss, gamle som unge, kan bli pleietrengjande på eit augneblink. Kva gjer ein då? At det er mangel på sjukeheimsplassar er gjerne noko som først vert avdekka når behovet melder seg.

Etter å ha kjempa lenge, fekk me til slutt tilbod om ein plass, då i eit anna omsorgsområde, Søra Bømlo. Kommunens eiga beskriving av området: «Søre Bømlo omsorgsområde har base på Bømlo omsorgstun som ligg like ved Bømlo kyrkje på Langevåg. Geografisk omfattar omsorgsområdet den sørlege delen av kommunen, frå Lykling kyrkje i nord til Langevåg i sør, i tillegg øyane Espevær og Geitung.»

Situasjon no er altså at pleietrengjande frå Moster må flytta til Langevåg, det gjerne etter å ha stått eit halvt år eller meir på venteliste til sjukeheimen på Svortland.

Då tenkjer eg ikkje på midlertidige løysingar, kriser el. som måtte dukka opp, men ein permanent mangel på plassar slik som no.

Eit menneske som er over 90 år og har budd heile livet på Moster, har gjerne sitt nettverk her, familie, vener, sysken , barnebarn osv, mange gjerne utan sertifikat. Dei reiser ikkje til Langevåg på besøk. Då hadde det faktisk vore enklare med sjukeheimsplass på Stord.

Men mange har derimot ærend på Svortland, då har dei gjerne tid og anledning til å halda kontakten sjølv om vedkomande er på sjukeheimen. Det er stor forskjell på å flytta frå Moster til Langevåg og til Svortland.

Eg saknar og eit engasjement frå våre lokalpolitikarar i denne saka. Nyleg var det val, kva vart sagt om dette då, hugsar nokon det? Kor er til dømes Utval for helse og omsorg i denne saka. Det må jo vera eit politisk ansvar og sjå til at ein ikkje hamnar i slike situasjonar som dette?

Ei undersøking utført av SSB viser at Bømlo kjem svakt ut når det gjeld tildeling av institusjonsplassar (B-n 04.09.2017).

Kor lenge skal det vera mangel på sjukeheimsplassar tross at me har ein heilt ny sjukeheim med ledig kapasitet som ikkje vert nytta sjølv om behovet er stort.

Tykkjer våre folkevalde det er greitt med ein ny sjukeheim som er så flott, men som me likevel ikkje har råd til å bruka?

Om ikkje bør ein kanskje finna ut kva som skal til for at tildelingsnemnda har plassar å tildele.

Gjermund Vik

Mosterhamn, 12.10.17

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.