annonse

Røe Isaksen si yrkesutdanning

Kan tenkja meg at mange er leie av å bli minna på det ufyselege faktum at det fanst ein vidaregåande skule for yrkesfag som hadde toppskår på alle målbare parameter. Ingen over – ingen ved sida. Rubbestadnes vidaregåande skule (RVG) på Bømlo.

No spørs det om denne austlandssentrerte medieverda gidd å bry seg denne gongen. Den dagen desse målingane vart presenterte greidde NRK det kunststykket å oversjå denne eineståande skulen og heller konsentrera seg om aksen Alta – Oslo , der altså osloskulane vart best og finnmarkingane dårlegast. Det måtte nokre sendingar til før dei der aust oppdaga RVG.

Mange her vest sat og venta på nyhendesendinga der dette flotte resultatet skulle kringkastast, klart her vart mange slukøyra folk kringom. Me fekk stadfesta det alle veit – me bur for langt vest.

Det mest skremande faktum kring skulen, er at fylkespolitikarane ikkje ser noko verdi i dette resultatet, og melde, berre dagar seinare, at denne eineståande skulen skal leggjast ned. Det toget er no gått, seier dei. Klart me går på barrikadane, det spørs berre om basunane ular langt nok.

Kva så med styresmaktene der aust, var det ikkje slik at utdanningsstatsråden, Torbjørn Røe Isaksen, har snakka om å satsa på yrkesutdanning? Her har han eit stjerneeksempel på korleis ein kan gjera det.

Tilsette ved skulen trudde dei skulle bli nedringte av politikarar og andre utdanningsinteresserte og at dei måtte bu seg på ei nøye planlegging, slik at desse tenkte aktivitetane ikkje skulle gå ut over elevane, har dei fortalt. Det vart heilt stille.

Rett nok kom Røe Isaksen innom etter kvart, og okka seg aldri så lite over det sørgjelege faktum at skulen skal leggjast ned. Diverre var det ingenting han kunne gjera. Er han både blind og døv? Eller er ikkje yrkesfag så viktige likevel når alt kjem til alt.

Her kunne kven som helst komme og lært noko om korleis ting kan gjerast. Kvifor var det ingen som greip denne mulegheita? Kan henda svaret er så enkelt som at resultatet slett ikkje er så viktig. Det er kva papir dei tilsette kan visa til som tel. Ingen ville vel stikka nasa inn i dette systemet der undevisnings personalet er fagarbeidarar med pedagogikk. Der ingen har mastergrad, der alle elevane kjem gjennom. Der samarbeidet med næringslivet sikrar alle ei adekvat utdanning og ein læreplass etter avslutta skulegang. Vart det rett og slett for vondt for Røe Isaksen å sjå på at ein skule gjorde alt rett og fekk topp skår, år etter år, trass i at dei tilsette ikkje har dei flotte akademiske papira å visa til?

I staden for å læra noko, gjorde han det fantastiske kunststykke å trykkja ei fråværsgrensa nedover lærarar og elevar, med det tragiske resultatet at RVG står i fare for mista to flotte elevar i år. No får ikkje dei engasjerte tilsette lenger lov å hjelpa.

– Du hadde ein gullkanta muligheit til å gjera eitt kjempebyks i ynskt retning, Røe Isaksen, du greip han ikkje. Eg trur ikkje på deg når du seier du vil satsa på yrkesfag.

Mariann Gerdsdotter Sagvåg

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.