annonse

Svar på Torunn Laurhammer sitt innlegg 07.09.2017 om kommuneøkonomi.

I sitt lesarinnlegg i Bømlo-nytt torsdag 07. september la Torunn Laurhammer fram ein påstand om at Arbeidarpartiet sin politikk er mest gunstig for kommunane i Noreg. Når vi ser på resultata under denne regjeringa opp mot resultata til den førre, ser vi at dette ikkje stemmer.

Då Høgre tok over i 2013, hadde kommunane eit driftsresultat i gjennomsnitt på 1.9%. I dag, etter 4 år, har dette auka til 3.9%, meir enn dobbelt så mykje. Dette tyder at kommunane i Noreg har fått betre økonomiske kår. Dette er ein trend som vi ser over heile landet, ikkje berre i nokre få kommunar. Det er ikkje rådmannen i Nittedal som har sørga for god økonomi i Molde. Det er regjeringa sin politikk som har sørga for dette.

Påstanden om at Arbeidarpartiet har betre politikk er i beste fall mangelfull, ikkje ulik Arbeidarpartiet sin politikk på fleire områder. Me i Høgre har derimot fleire tydelege løysingar som skal betre kommuneøkonomien i åra som kjem. Berre for å nemne nokre få ynskjer vi å gi kommunane ein større del av eigne skatteinntekter, bl.a. ein del av selskapsskatten. Gi kommunane større fridom til å gjera eigne prioriteringar. Styrke vekstkommunetilskotet, og sist men ikkje minst sørga for at kommunar utan eigedomsskatt ikkje blir straffa for det.

Det er ikkje Arbeidarpartiet, men Høgre som sikrar gode kår for kommuneøkonomien. 4 nye år med StjErna Solberg som Statsministar sikrar ein betre kommuneøkonomi.

Vegard Enerstvedt

Leiar, Bømlo Unge Høgre

(Tall er henta frå ssb.no)

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.