annonse

18 vil bli Amfi-sjef

Har søkt
Har søkt: Runa Våge Krukhaug (til venstre) har søkt stillinga som dagleg leiar i Moster Amfi. Ho er for tida fungerande dagleg leiar i Bømlo Teater for Øystein Kausrud (i midten) som er i pappapermisjon. Teaterstyreleiar Linda Hellen til høgre. (Foto: Arkiv/Håvard Hammarstrøm)
Her er heile søkjarlista

18 personar har søkt stillinga som ny dagleg leiar i Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter.

Håvard Hammarstrøm

Det opplyste styreleiar Svein Arne Theodorsen til Bømlo-nytt i førre veke. Han var svært godt nøgd med at det hadde komme inn så mange søknadar. Theodorsen seier dette er veldig positivt.

– Det er mange godt kvalifiserte søkjarar mellom dei som har søkt. Me er enda tidleg i prosessen, sa styreleiaren då. Det vart arbeidd med den offentlege søkjarlista i heile førre veke, og Bømlo-nytt fekk denne på førespurnad etter at laurdagsavisa gjekk i trykken fredag ettermiddag.

– Me har arbeidd med rekruttering til denne stillinga, men hadde ikkje venta å få så mange som 18 søknader. Det er svært gledeleg, sa Theodorsen.

Unnateke innsyn

Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter er eigd av Bømlo kommune og Hordaland fylkeskommune. Søkjarlista er difor offentleg. Det er likevel høve til å ta unna namn på søkjarlista for offentleg innsyn ut frå visse reglar. Lista som lokalavisa har fått inneheld 14 namn. Fire av søkjarane, to bømlingar, ein stordabu og ein fitjarbu, er anonymiserte i lista.

Interessante namn

Mellom søkjarane som er offentleggjorde finn me mellom andre Runa Våge Krukhaug. Ho er for tida fungerande dagleg leiar i Bømlo Teater medan Øystein Kausrud er ute i pappapermisjon. Ho er også styremedlem i Bømlo Teater.

Nina Meldahl Olsen er kjent i teatermiljøet, og har mellom anna spelt Ragnhild i Mostraspelet.

Håkon Frode Særsten var tidlegare mottaksleiar på asylmottaket på Litlabø på Stord.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.