annonse

80 prosent sjanse for sol den 17. mai

Sol på nasjonaldagen
Sol på nasjonaldagen: Det ser ut til at me kan vente oss like fint vêr på nasjonaldagen som her på Rolvsnes i fjor. (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)
METEOROLOGISK SPÅDOM
METEOROLOGISK SPÅDOM: Langtidsvarsel for nasjonaldagen.

Tida er inne for å sjekka prognosane for vêret på nasjonaldagen.

Ingvild Sjo

Meteorologisk institutt har lagt spådomane sine ut på yr.no, men samstundes koplar LOS Elektro ned vêrradaren på Goddo for utbetring av elektronikk. Me har difor ikkje anna val i skrivande stund enn å blingsa til profetiar, til dømes meteorologane sitt langtidsvarsel. Dei har laga seg oversiktskart for 17. mai som viser spreidd skydekke, 3/4 sol og kuling frå nordvest.

Med andre ord: Mest sannsynleg opphald og for det meste sol, og det kan bli kald vind, det vil seia frisk bris, eller liten kuling. Dette er eit varsel som seier at du må bruka strømpebukse, og ha cape til bunaden, og smårollingar i vogn må ha hue på.

Men det ser altså ut som om me i år trygt kan leggja paraplyen heime, og at i staden skal flagget få vaia fint i brisen mot ein blå himmel med ein og annan skydott bakom, og hvorhen du går i li og fjell, ved fjord og fossevell, så hugs at det aller viktigaste klesplagget på ein slik dag er gode sko slik at ein ikkje får vondt nokon stad, men kan jubla med friskt mot i brystet og vett i panna.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.