annonse

Akrobatfly øver laurdag

Akrobatflyging
Akrobatflyging: Det blir akrobatflyging med fire fly på Sørstokken laurdag. Dette arkivbiletet er henta frå flydagen i 2016. (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

Laurdag blir det trening på akrobatflyging på Stord lufthamn Sørstokken.

Håvard Hammarstrøm

Det opplyser lufthamnsjef Jan Morten Myklebust til Bømlo-nytt. – Foldrøybuar som ser fly som flyg opp ned treng ikkje uroe seg. Treninga er i regi av Aerobatic Club of Norway, som deltek med 4 fly under treninga. Flyginga vil gå føre seg i ei høgd mellom 800 og 3.500 fot. Luftfartstilsynet er kjend med aktiviteten, og har godkjend denne, seier Myklebust.

Kjem tilbake i juni

Bakgrunnen for at dei fire flya driv trening på Sørstokken er at fleire av dei er venta å delta på flystemnet Stord Airshow same stad 16. juni.

Lufthamnsjefen strekar under at treningsflyginga er eit lukka arrangement, og at flyplassområdet er såleis ikkje ope for publikum. Dei som vil sjå flyakrobatikk på nært hald lyt smørje seg med tolemot til juni.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.