annonse

– Aldeles forferdeleg

: Mykje regn og mykje vind i natt. (Foto: )
OBS
OBS: Det er lagt ut to OBS-varslar for Bømlo. (Foto: Skjermdump frå Yr.no.)

Statsmeteorolog Gunnar Noer melder om store nedbørs mengder og liten til full storm på Bømlo.

– Aldeles forferdeleg, bryt statsmeteorologen ut då han ser mengda med nedbør som er på veg til Bømlo.

I natt

Det er snakk om 30–50 mm på seks timar. Frå seint i natt og ut over morgonen på torsdag.

– Det kjem litt nedbør no i kveld, men det er berre ein liten forsmak. Frå seint i natt kjem det ein alvorleg runde med nedbør. Frå Stavanger i sør og oppover hele vegen til Møre og Romsdal, opplyser Noer.

Regnet vil gradvis minka utover torsdagen.

– For Bømlo sin del vil det bli vått.

Han meiner at ein skal vera forsiktig om ein skal ut å køyre bil i morgontimane på torsdag.

– Det kan vera fare for vassplaning og lokale små flaumar.

Han melder også om ein våt periode fram over.

– Det blir mykje nedbør .

orkan

– Andre stader langs kysten på Vestlandet, vil det bli full storm, og det kan vera me får vindstyrke opp i orkan ved Stad, seier Gunnar Noer.

Meteorologen oppmodar alle langs kysten å rydde vekk lause gjenstandar.

Følg vêret  på Bømlo her .

stine@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.