annonse

Alvorleg trafikkulukke i Rubbestadneset

Alvorleg ulukke
Alvorleg ulukke: Naudetatane rykte ut etter ei alvorleg ulukke i Rubbestadneset torsdag kveld (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Ei kvinne i 50-åra omkom torsdag kveld i ei alvorleg trafikkulukke i Rubbestadneset.

Håvard Hammarstrøm

Naudetatane rykte ut  då det klokka 1736 torsdag kveld kom inn melding om ei alvorleg trafikkulukke i Rubbestadneset. Det var vitne på staden som kontakta naudsentralen om ulukka, som skjedde like ved krysset mot Fureneset i Rubbestadneset sentrum. Innsatsleiar Henning Vik i Sør-Vest politidistrikt sa til Bømlo-nytt på ulukesstaden i kveld at det var eit einsleg køyretøy involvert i ulukka, og at det sat ein person i denne bilen.

Operasjonsleiar Tore Frøyland-Jensen ved operasjonssentralen i Haugesund seier ambulansepersonell og brannmannskap starta livreddande førstehjelp, men livet stod ikkje til å redde. Sjåføren av ulukkesbilen, ei kvinne i 50-åra, omkom i ulukka.

– Kriseteamet i Bømlo kommune er varsla og me er i ferd med å varsle dei pårørande. Ulukkesgruppa til Statens vegvesen og krimteknikarar er på veg hit no, sa Vik i 1830-tida.

Etterforskar ulukka

Ved politiet sin operasjonssentral i Haugesund får Bømlo-nytt i 20-tida torsdag kveld opplyst at politiet utover kvelden gjennomfører taktisk og teknisk undersøking, deriblant vitneavhøyr på ulukkesstaden. Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er også på staden og gjer sine undersøkingar. Bilen køyrte av vegen og igjennom ein støyskjerm. Årsaka til ulukka er førebels ukjent.

– Hendingsforløpet er uklart. Dette søkjer me å få avklart i samband med den vidare etterforskinga, seier operasjonsleiar Frøyland-Jensen i kveld. Sør-Vest politidistrikt melder på Twitter i kveld at ulukka vil bli etterforska av Stord lensmannskontor.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.