annonse

Andletsløft for «Gamleposten» på Espevær

◄◄ Andletslyfting
◄◄ Andletslyfting: «Gamleposten» etter renoveringa. Han har fått halde det gamle preget. (Foto: )

Det har skjedd mykje med «Gamleposten» på Espevær det siste året.

Heile huset er blitt renovert og det er også forlengd med seks meter.

Dei har laga ei ny stove i den nye delen. Dette gjer at restauranten no har plass til om lag 80 gjester. Det er også laget til pub i kjellaren.

Kjøkenet er blitt dobbelt så stort, og dei har til og med fått på plass eit eige bakeri.

I sommar blir det ope frå onsdag til laurdag. Det blir då enkel servering utan bordbestilling på ettermiddagen. Om kvelden blir det restaurant med bordbestilling. Du kan då velje mellom tre, fem eller sjurettars middag.

«Gamleposten» er ein restaurant med god og kortreist mat og god atmosfære.

Rollaug Irgens Hagevik skryt av den ferske fisken dei får frå Bømlo Fersk Fisk.

«Gamleposten» kan også freiste med to konsertar i sommar.

Geir Einarsen – tekst og foto

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.