annonse

Anri Håvard Hebib (20) er Høgre sin ordførarkandidat

: Anri Håvard Hebib (20) er Høgre sin ordførarkandidat i årets kommuneval på Bømlo. Arkivfoto.

Bømlo Høgre sitt nominasjonmøte gjekk inn for Anri Håvard Hebib som toppkandidat og 20-åringen er med det partiet sin ordførarkandidat til hausten. Tidlegare ordførar Inge Reidar Kallevåg er nominert på 3. plass. 

  • Frank G. Stenersen

Leiar i nominasjonskomiteen, Audun Halleraker seier han er nøgd etter kveldens møte som gjekk føre seg i Bømlo rådhus.

 - Eg meiner me har fått på plass ei god valliste med mange sterke representantar, seier han.

Det gjekk mange rykter dei siste dagane før møtet. Mange trudde at tidlegare ordførar Inge Reidar Kallevåg ville køyre heim til Rolfsnes etter kveldens møte som partiet sin ordførarkandidat til kommunevalet i september.

Halleraker stadfestar at det vart gjort fleire endringar på lista som nominasjonskomiteen først la fram.

 - Det er heilt naturleg at det blir gjort endringar på eit framlegg til valliste, så det ligg ikkje noko dramatikk i dette. Eg opplevde at me hadde ein god tone under heile møtet, det var eit stort oppmøte og det same var engasjementet, seier Audun Halleraker.

Vallista

  • Anri Håvard Hebib
  • Signe Lund Jansen, Langevåg
  • Inge Reidar Kallevåg, Rubbestadneset
  • Aslaug Wathne Skimmeland, Mosterhamn
  • Ståle Vorland, Langevåg
  • Hege Halleraker Skjellevik, Bremnes
  • Robert Halleraker, Bremnes
  • Connie Søvold, Rubbestadneset
  • Øyvind Schumann Larssen, Espevær
  • Christin Hellen Sele, Urangsvåg
  • Kurt Henning Ådnanes, Finnås
  • Anders Engevik, Foldrøyhamn
  • Arne Lodden Vikse, Rubbestadneset
  • Geirmund Brendesæter, Bremnes
  • Christer Agasøster, Bremnes
  • Vegard Enerstvedt, Bremnes
  • Åsmund Håvik, Urangsvåg
  • Gunnar Vestvik, Langevåg
  • Wenche Benum, Espevær
  • Bent Agasøster, Bremnes
  • Per J. Stavland, Bremnes
  • Johannes Martin Sortland, Bremnes
  • Øyvind Særsten, Urangsvåg
  • Frode Urang, Urangsvåg
  • 25. Haldis Martinussen, Mosterhamn

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.