annonse

Arbeidsløysa går nedover

GÅR BRA
GÅR BRA: Arbeidsløysa går ned på Bømlo og i resten av Sunnhordland. Mange næringar er prega av høg aktivitet. ILLUSTRASJONS (Foto: NILS-TORE SELE)

Alle sunnhordlandskommunane har hatt nedgang i arbeidsløysa i november.

Nils-Tore Sele

For Bømlo sin del gjekk arbeidsløysa ned med 87 personar sist månad. Dette er nest best utvikling i regionen. På Stord var det 192 færre på statistikken for arbeidslause sist månad, i Kvinnherad 86 færre.

NAV Sunnhordland konkluderer med at 2017 ser ut til å bli eit godt år for arbeidsmarknaden i regionen. Mange bedrifter er konkurransedyktige i krevjande marknader, og mange næringar er prega av høg aktivitet, dermed går også arbeidsløysetala ned.

I november 2017 går det færre arbeidslause med bakgrunn frå ingeniør- og IKT-fag enn same månad i fjor. Det heng saman med at det er vesentleg fleire utlyste stillingar for desse yrkesgruppene no enn då.

For heile regionen var det i november 731 heilt arbeidslause personar. Dette utgjer 2,4 prosent av den samla arbeidsstokken. Arbeidsløysa i Sunnhordland ligg lågare enn snittet for Hordaland.

For Bømlo sin del er 2,2 prosent, 134 personar, av arbeidsstokken arbeidslause. 62 personar er med på ulike tiltak, og reknar ein med desse er det 196 personar som anten er arbeidslause eller på arbeidsmarknadstiltak på Bømlo. Samla utgjer dette då 3,3 prosent av arbeidsstokken.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.