annonse

Årets sak på www.bomlo-nytt.no

Berga liv
Berga liv: Roger Marcussen var med på å berge liv då plattforma «Alexander L. Kielland» velta (Foto: INGVILD SJO)

Intervjuet vårt med Roger Marcussen, som berga sju liv då plattforma «Alexander L. Kielland» velta, var vår desidert mest leste sak på nett i 2018.

Håvard Hammarstrøm

I intervjuet fortalde Marcussen si sterke historie om det han opplevde den skjebnesvangre dagen på Ekofiskfeltet i slutten av mars 1980. 123 personar omkom då plattforma velta. Marcussen var kranførar og berga sju liv den dagen. Intervjuet vart publisert i slutten av juli.

Då me gjekk inn i 2019 hadde intervjuet 15.488 sidevisingar og 13.703 brukarar på nettsidene våre. Om du ikkje har lese intervjuet kan du finne det på denne linken.

Topp ti mest lest

Alt i alt var det nær 1,89 millionar sidevisingar på nettsidene våre i fjor. Blålys-saker som involverer brannvesen, ambulanse og politi kjem ofte høgt på statistikken, og slik var det også i 2018. Interessant er det å merkje seg at det å gå inn på skipstrafikken er populært på nettsidene. Her hadde me 13.697 sidevisingar i 2018.

Under finn du topp ti redaksjonelle saker totalt og topp ti redaksjonelle saker utanom blålysnyhende. Tala syner tal sidevisingar (brukarar i parentes).

Topp ti mest lest

1. Berga sju liv med heisekranen 15.488 (13.703)

2. Bømling er sakna sidan sundag 5.338 (4.105)

3. Bustadhus totalskadd i brann 5.035 (3.761)

4. Trafikkulukke på Moster 4.954 (3.432)

5. Væpna politiaksjon på Svortland 3.902 (3.361)

6. Elias Sandvik (11) er med i Tore på sporet 3.234 (2.693)

7. Hus totalskadd på Nese 3.169 (2.603)

8. Trafikkulukke på Bømlo 2.811 (2.471)

9. Trudde nesten ikkje det dei såg 2.765 (2.487)

10. Politiet etterforskar brannen 2.691 (2.146)

Topp ti utanom blålyssaker

1. Berga sju liv med heisekranen 15.488 (13.703)

2. Elias Sandvik (11) er med i Tore på sporet 3.234 (2.693)

3. Trudde nesten ikkje det dei såg 2.765 (2.487)

4. Hi Sio stengde dørene 2.605 (2.315)

5. Unitech vil byggja ny skule på Rubbestadneset 2.581 (2.157)

6. Bømlo kan bli vurdert som vindkraftpark 2.532 (2.111)

7. Resultat frå Norway Cup 2.229 (2.003)

8. Kommunen kjøper gamle Sunnhordland hotell 2.146 (1.907)

9. Draumestipend til dansar frå Bømlo 2.127 (1.841)

10. 18 vil bli Amfi-sjef (1.839)

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.