annonse

Åtvarar mot direktørsvindel

Rykte ut
Rykte ut: Væpna politi rykte ut til Bømlo tysdag. (Foto: Stine R. Rørvik/Arkivfoto)
Gode tips og råd

Sør-Vest politidistrikt åtvarar no verksemder i distriktet mot det som blir kalla direktørsvindel.

Håvard Hammarstrøm

I byrjinga av juni gjekk Sør-Vest politidistrikt ut og åtvara mot såkalla direktørsvindel. Dei to siste vekene har det vore ei ny bølgje av slike forsøk. Seksjonsleiar for finansiell etterforsking i Sør-Vest politidistrikt, Sturle Smith, ønskjer å åtvare andre verksemder for å førebyggje at fleire blir utsette for svindel.
-    Svindelen går ut på at bedragarar sender e-post til verksemder og gir seg ut for å vera leiarar i verksemda. Dei ber ein eller fleire tilsette om å gjennomføre utbetalingar.  Betalingsanmodninga kan tilsynelatande komme frå toppsjefar i verksemda. Det er i sakene som er avdekkja så langt, snakk om til dels store pengebeløp. Nokre gongar har verksemder sjølve klart å avverje utbetaling, men det er diverre fleire som har utbetalt pengar, seier Smith.

Ofte britiske og austeuropeiske bankar

Smith forklarer at det kan vera vanskeleg å finne dei ansvarlege i slike svindelsaker.
-    Politiet etterforskar sakene. Som regel førast pengane ut av landet, og det har synt seg svært vanskeleg å følgje de elektroniske spora. For å stanse dette, er verksemdenes eigne tryggleiksrutinar og det å vera på vakt det viktigaste mottiltaket, seier Smith.

For å førebyggje rår Smith til å google SWIFT-kode og IBAN-nummer som følgjer med betalingsoppfordringa.
 -     Dette indikerer kor betalinga går, og banken som tek imot pengane kan avslørast. Etterforsking har synt at dersom ein ser det er ein britisk bank eller ein austeuropeisk bank som står som mottakar, bør det ringje ei bjølle hos den som har teke imot betalingsoppfordringa, seier seksjonsleiaren.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.