annonse

Avgiftslette for mikrobryggjeri

Mikrobryggjeri
Mikrobryggjeri: Bømmeløen Bryggerhus i Hovlandshagen. (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

Regjeringa kjem i revidert statsbudsjett med forslag om avgiftslette for mikrobryggjeri.

Håvard Hammarstrøm

Liv Kari Eskeland (H) seier til Bømlo-nytt at dette vil gagne små bryggjeri som Bømmeløen Bryggerhus i Hovlandshagen.

– Dette vil bidra til å styrke lokale arbeidsplassar og lokalt næringsliv. Ei slik avgiftslette vil gje ein viktig stimulans til dei som vil drive mikrobryggjeri, seier Eskeland. Ho fortel at det er bryggjeri som produserer under 500.000 liter øl med alkoholstyrke mellom 3,7 og 4,7 prosent årleg som kan få avgiftslette. Regjeringa legg opp til ei gradert avgiftslette inntil 200.000 produserte liter. Dette vil bidra positivt for dei små bryggjeria, meiner regjeringa.

– Dette gjer det enklare for bryggjeria å gyve laus! For små bryggjeri er dette ei fantastisk nyhending, seier Eskeland entusiastisk.

Viktig for FrP

Også i Framstegspartiet blir avgiftssletta for små bryggjeri sett på som viktig. Finanspolitisk talsmann Helge André Njåstad skriv i ein e-post dette er bra for distrikta.

– Dette er først og fremst distriktspolitikk det me legg til rette for å skapa og tryggja små verksemder i distrikts-Noreg. Me ser at fleire og fleire startar opp småbryggjeri, så det er flott å kunne føreslå avgiftsreduksjonar som gjer at desse kan konkurrere med dei store. Forslaget vil stimulere til økt mangfald og brygging av øl lokalt. Mange bryggjerigründerar står på, skapar verdiar og tek ut lite løn. Denne avgiftssletta kan bidra til at fleire etablerer og held oppe arbeidsplassar. Det gjer kvardagen litt enklare for gründerar, heiter det frå FrP.

Undring frå KrF

No lyt regjeringa med Framstegspartiet, Høgre og Venstre søkje støtte for å få fleirtal for sitt reviderte budsjett. I Kristeleg folkeparti blir forslaget om avgiftskutt på øl møtt med undring.

– KrF stiller seg undrande til regjeringas prioritering av avgiftskutt for øl, samstundes som regjeringa ser seg nøydd til å føreslå ny avgift på skifteattest ved dødsfall, noko som mest råker dei som har minst. KrF ønskjer å greie ut ei omlegging av sukkeravgifta for drikkevarer for å gjera den meir treffsikker helsemessig, slik at drikke med lågt sukkerinnhald får låg avgift, medan drikke med høgt innhald av sukker får høg avgift. Storbritannia har nyleg innført ei slik avgift, og det burde også vera mogeleg her til lands, uttaler finanspolitisk talsperson i Kristeleg folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, i ei pressemelding.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.