annonse

Avsluttar FellowSHIP-prosjektet

Hybrid
Hybrid: Supplyskipet «Viking Princess» eigd av Eidesvik Offshore er ein ekte hybrid (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

DNV GL, Eidesvik Offshore og Wärtsilä Norway avsluttar det såkalla FellowSHIP-prosjektet.

Håvard Hammarstrøm

Dei tre samarbeidspartnarane har i 15 år hatt eit samarbeid innanfor forsking på batteri, brenselceller og hybridløysingar, men no er det slutt, skriv Skipsrevyen.no.

Banebrytande

Samarbeidet har ført til banebrytande teknologiutvikling offshore.

– Det har vore eit produktivt prosjekt, seier Bjørn-Johan Vartdal. Han er Maritime Programme Director for Technology DNV GL. I pressemeldinga omtalar han dette som eit "flaggskipprosjekt" innan forsking og utvikling av batteri-, brenselcelle-, og hybridteknologi.

Fellowship vart starta opp i 2003 med sikte på å utvikle brenselcelleteknologi til bruk om bord i skip. I 2010 vart «Viking Lady» det første supplyskipet som fekk montert brenselcelle om bord, og dei siste åra har samarbeidet vore retta inn mot utvikling av nye batteriløysingar til bruk om bord på denne type fartøy. Særskilt har prosjektet konsentrert seg om bruk av lithium ion-batteri.

– Resultata frå FellowSHIP har forma vår kunnskap om batteri- og hybridkraftforsyning om bord på skip. Det har også gjort sitt til at industrien kan ta i bruk innovative løysingar som opnar for ein neste generasjon med meir effektive og berekraftige skip.

Held fram utviklinga

No er klassereglane er på plass og batteriløysingar er kommersialiserte. Då meiner samarbeidspartnarane at eit viktig mål er nådd, og at tida er kommen for å avslutte FellowSHIP. Vermund Hjelland er Vice President Technology and Development i Eidesvik Offshore:

– Eidesvik vil halde fram med å sjå etter dei mest innovative og miljøvennlege løysingane for skipsdesign og operasjonar i vår flåte. Men det er klart at oppgraderinga av fire fartøy til hybrid sidan 2016 ikkje ville ha skjedd om me ikkje hadde resultat, røynsler og kunnskap frå FellowSHIP-prosjektet å lene oss på, seier han.

Viktig for Equinor

Også i selskap som gir kontraktar til reiarlaga er forsking og utvikling i FellowSHIP blitt lagt merke til. I Equinor (tidlegare Statoil) legg dei vekt på å ta i bruk miljøvennlege løysingar. Helge Såtendal er Principal Consultant, Supply Chain Management innanfor Marine Operations i selskapet:

– Vår ambisjon er å vere leiande når det gjeld karboneffektiv olje- og gassproduksjon. Målet er også å redusere utslepp frå våre logistikk-aktivitetar, seier han. For Såtendal og Equinor er miljøperspektivet, men også effektive løysingar, viktig.

– Batteriteknologi om bord på supplyskip fører til meir effektiv motordrift, reduserer utslepp av CO2 og NOx i tillegg til at drivstofforbruket blir redusert, påpeiker han.

Berekraftig retning

Ingve Sørfonn er Head of Technology & Development i Wärtsilä Marine Solutions. Også han legg vekt på at FellowSHIP har vore viktig i utvikling, testing og dokumentering av ny, miljøvenleg og utsleppsreduserande teknologi om bord på skip.

– Reduksjonen i drivstofforbruk, kombinert med utsleppsreduksjonar me har oppnådd igjennom dei ulike fasene av prosjektet, har vore utløysande for å utvikle den maritime industrien i ei meir berekraftig retning, seier han.

"Viking Lady" ein revolusjon

Øystein Alnes er Principle Maritime Engineer i DNV GL - Maritime. Han seier 15 år med forsking, utvikling, testing og dokumentasjon har hatt stor påverknad på shippingindustrien.

– Men eg trur trygt me kan seie at batterirevolusjonen til sjøs starta med "Viking Lady". Dette prosjektet fekk viktig støtte av Forskningsrådet, og er eit perfekt døme på korleis ein partnarskap mellom det offentlege og privat næringsliv kan bidra til å fremje nye teknologiske løysingar i marknaden, og sikre framsteg i industri som er viktig for landet.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.