annonse

Bedehusbasar på Finnås

Den årlege basaren for Finnås bedehus vert arrangert førstkommande laurdag ettermiddag. (Sjå annonse i onsdags- og laurdagsavisa)

Bedehuset har siste året investert i avtrekksvifte i hovudsalen og varmepumpe i kjellaren, nye glas i kjellaren og er i gang med å laga kontor og tekjøken i det gamle kjøkenet . Då kjem det vel med at ein har gode inntekter frå alle som stilte opp på dugnad på Kanaldagane, og at det er god oppslutning til basaren.

Det har vore sal av lodd ved butikken fleire gonger. Det har gitt over 12.000 kr, men det er sjølve basaren som gir mest pengar inn.

Det vert andakt ved Merete Økland sortland, song av barnekoret Lydius, åresal, matøkt og trekking av loddbøkene.

Hjarteleg velkommen, skriv styret for bedehuset i ei lita melding.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.