annonse

Bilbrann på Finnås

Brannvesenet på plass:
Brannvesenet på plass: Brannvesenet rykte ut då det kom inn melding om bil med oljelekkasje i Rubbestadneset. (Foto: Arkiv)

Politiet melde måndag morgon om brann i ein bil på Finnås.

Håvard Hammarstrøm

Det skal ikkje vere snakk om personskade. Naudetatane vart sende til staden då meldinga om brann kom inn klokka 0655.

– Det synte seg at det å vere varmgang i bilen som skapte noko røykutvikling. Då brannvesenet kom fram var alt under kontroll. Det skapte litt trafikale utfordringar medan bilen vart flytta ut av vegen, og det var manuell dirigering forbi staden før bilen vart henta av Viking. Det blir ikkje oppretta sak av politiet på dette, og det blir vel heller meir ei forsikringssak, seier operasjonsleiar Victor Jensen i Sør-Vest politidistrikt til Bømlo-nytt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.