annonse

Blant dei beste i landet på behandling av barn med diabetes

Blant dei beste
Blant dei beste: Barnediabetesteamet i Helse Fonna ved Turid Gabrielsen, Margareth Bårdsen, Heiko Bratke, Inghild Hovland og Grete Vigemyr. Helge Fredrik Johnsen og Meret Pedersen er også i teamet, men var ikkje til stades då bildet blei tatt. (Foto: Stina Steingildra)

Barn som får behandling i Helse Fonna har betre regulert diabetes enn dei fleste andre stader i landet. No får barneavdelinga Kvalitetsprisen for arbeidet sitt.

Randi Olsen

– Kvart år får 15-20 barn i regionen vår beskjed om at dei har type 1 diabetes. Dei må lære seg å medisinere seg sjølv døgnet rundt, resten av livet. Det er vår jobb å hjelpe dei til å regulere sjukdommen best mogleg. Det har mykje å seie for livskvaliteten deira her og no, og enno meir å seie for at dei skal ha god helse også gjennom vaksenlivet.

Det seier barnelege Heiko Bratke, som i mange år har behandla barn med diabetes, i ei pressemelding frå Helse Fonna. Han forklarar kvifor god behandling er så viktig:

– Dårleg regulert diabetes over tid gir høgare risiko for å få fleire typar sjukdomar seinare i livet, som augeskader, nyresvikt, hjerneslag og hjerteinfarkt.

Frå god til best

Som eit mål på om barnets diabetes er godt nok regulert, ser ein på kor blodsukkeret ligg over tid. Denne langtidsprøven heiter HbA1c, og skal vere under 7,5 prosent for at det skal kunne reknast som god regulering, heiter i pressemeldinga.

I 2016 hadde nær 40 prosent av barna i Helse Fonna oppnådd dette målet, som var noko betre enn landssnittet for barneavdelingar. Med prosjektet dei no har vunne Kvalitetsprisen for, sette barneavdelinga i Helse Fonna eit mål om at over 60 prosent av pasientane skulle ned på denne verdien. Resultatet? Heile 70, 5 prosent av barna har langtidsblodsukker (HbA1c) under 7,5 prosent.

– Vår gjennomsnittlege HbA1c er gått ned frå 7,59 prosent til 7,32. Dette er på nivå med dei beste barnediabetesavdelingane i verda, seier Bratke stolt.

Film for betre opplæring

Kva har dei så gjort for å få dette til?

– Vi har gjennomført to hovudprosjekt. Det eine var å lage eigne undervisningsfilmar på YouTube. Vi bruker desse i opplæring på sjukehuset, men tanken er at barn, foreldre og andre vaksne rundt barnet kan sjå filmane om igjen når det passar. God informasjon og opplæring er avgjerande for at barn og familie skal kunne regulere diabetesen, derfor må ein kunne få repetert viktig informasjon, seier Heiko Bratke.

Filmane har blitt ein suksess, og fleire sjukehus i landet har tatt dei i bruk. Teksting på fleire språk er under planlegging.

– Det andre var å bruke den såkalla gjennombrotsmetoden for å få systematisk kvalitetsforbetring. Tiltaka her var mellom anna ei meir individuelt tilpassa oppfølging av barnet, meir strukturert bruk av diabetesrelatert teknologi som insulinpumpe og kontinuerleg glukosemåling, planlagt reopplæring ved dårleg kontroll og betre rutinar ved særleg høge eller låge glukoseverdiar, seier Bratke.

– Godt å bli sett for arbeidet vi gjer

På barneavdelinga sto, ifølgje pressemeldinga, jubelen i taket. Med diplom, heider og ære følgjer også 40.000 kroner som skal brukast på vidare kvalitetsarbeid i avdelinga.

– Det betyr mykje å bli sett for det arbeidet vi gjer, seier overlege Grete Vigemyr.

– Vi står på og vil gi barna den beste behandlinga dei kan få. Kvalitetsprosjektet inneber at vi har endra måten vi jobbar på, og vi har alle stått ekstra på for å få det til.

Mest glede er det likevel på vegne av barna.

– Dette er arbeid som vil vise seg igjen i barna si helse no og om tredve år, seier Vigemyr.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.