Bømlafjordtunnelen er no open igjen

Tunnelen opna like etter klokka 16.
Årsaka til at tunnelen vart stengt i nær to timar torsdag ettermiddag skal ha vire at eit skilt som heng ned frå taket lausna og hang laust. Tunnelen vart stengt om lag klokka 14, og Vegtrafikksentralen melde at entreprenør skulle vera på plass først rundt klokka 15. Bilistane måtte dermed smøre seg med tolemod nok ein gong, og nok ein gong måtte bilistar som skulle til Bømlo frå Stord stå og vente enda vegen til Bømlo faktisk var open og farbar. Vegen vart meld open igjen klokka 16.
E39 Bømlafjordtunnelen, Oppdatering: entreprenør er først på stedet rundt kl 15, så det vil ta tid før vegen åpner.
— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest) August 2, 2018
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.