annonse

Bømlafjordtunnelen er open igjen

Politiet på plass
Politiet på plass: Det blir dirigert trafikk ved Bømlafjordtunnelen. Arkivfoto (Foto: Håvard Hammarstrøm.)

Bømlafjordtunnelen er no open igjen for fri ferdsle.

Håvard Hammarstrøm

Vegtrafikksentralen melde om lag klokka 1415 at Bømlafjordtunnelen no er open igjen for fri ferdsle. Tunnelen hadde då vore stengt i om lag halvannan time grunna lause gjenstandar i vegbana inne i tunnelen. Dette skapte lange køar på begge sider av tunnelen. Politiet melde like før klokka 14 om store trafikale problem:

– Det er lause gjenstandar i tunnelen, og entreprenøren starta arbeidet kl. 1350. Politiet er på staden, melde Sør-Vest politidistrikt då. No er altså gjenstandane fjerna og tunnelen open igjen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.