annonse

Bømlafjordtunnelen vart opna med redusert fartsgrense

StENGT
StENGT: Brann i ein bil gjorde at Bømlafjordtunnelen i kveld er stengt. ARKIV (Foto: HÅVARD HAMMARSTRØM)

Ein varebil kom i brann onsdag kveld i Bømlafjordtunnelen. Tunnelen var stengt store delar av kvelden. ved midnatt vart han opna for trafikk med redusert fartsgrense.

Nils-Tore Sele

Bømlafjordtunnelen vart opna for trafikk ved midnatt onsdag kveld etter varebilbrannen tidlegare på kvelden. Fartsgrensa gjennom tunnelen er redusert.

Litt før klokka 18.30 onsdag kveld kom meldinga om at det hadde byrja å brenna i ein bil, ca ein kilometer ned i Bømlafjordtunnelen på nordsida. Brann- og redningsmannskap var kjapt på plass, tunnelen vart stengt då bilbrannen vart meld og føraren vart frakta trygt ut frå tunnelen.

Klokka 19.07 melde Sør-vest politidistrikt at bilbrannen var sløkt. Litt før klokka 19.30 kom meldinga om at tunnelen var framleis stengt og at det var lange køar på begge sider av tunnelen.

Melding vart seinare lagt ut om at det skulle takast ei vurdering rundt skadene klokka 22.30. Då skulle det avgjerast om han vert opna eller ikkje.

I løpet av onsdagskvelden føregjekk det trafikkdirigering slik at dei som skal andre stader enn gjennom tunnelen kunne få sleppa fram, går det fram av ei twittermelding frå Sør-Vest politidistrikt.

Litt over klokka 22 onsdag kveld kom meldinga om at trafikken vart sleppt gjennom tunnelen i puljer på 50 bilar i slengen, i kolonnekøyring med følgjebil. Politiet ber bilistane om å visa omsyn slik at ein unngår farlege situasjonar. Ved midnatt var Bømlafjordtunnelen opna for trafikk att.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.