annonse

Bømling leiar OL-kyrkja

Frå Rubbestadneset
Frå Rubbestadneset: Martin Alvsvåg kjem frå Rubbestadneset og er no busett i Sarpsborg (Foto: Sjømannskyrkja)

Martin Alvsvåg frå Rubbestadneset skal leie den norske sjømannskyrkja som blir oppretta i samband med OL i Pyeongchang.

Dette går fram av ei pressemelding frå Sjømannskyrkja. Alvsvåg får med seg eit lag på fem medarbeidarar som skal drive sjømannskyrkja så lenge dei olympiske leikane varer. Sjømannskyrkja kjem til å halde til i ei lokal kyrkje i Alpensia. Kyrkja ligg like ved langrennsarenaen. Sjømannskyrkja har normalt fast kyrkje i Sør-Korea i byen Okpo, som ligg sør-aust i landet. I praksis blir det denne kyrkja som mellombels flyttar nordover og kjem til å halde til i Alpensia. Dei tilsette kjenner dermed Sør-Korea og kulturen godt. OL-kyrkja kjem til halde ope frå 10. februar til OL blir avslutta 25. februar.

Gler seg

Alvsvåg, som no bur i Sarpsborg, ser fram til sjømannskyrkja er på plass nord i landet.

- Eg gler meg og har tru på mange flotte opplevingar i Sør-Korea, seier han. Alvsvåg jobbar til vanleg i Sjømannskyrkja med beredskapsavtalar for norsk næringsliv, men er no tilsett til å leie OL-kyrkja.

- Å skape heimekjensle på bortebane har vore Sjømannskyrkja sitt varemerke gjennom generasjonar. Det blir som alltid kaffi og vaflar, men det er også mange som set pris på at Sjømannskyrkja, med høg kompetanse på kriseberedskap, er til stades, seier han.

Sosial møtestad

Sjømannskyrkja i Pyeongchang kjem i første rekkje til å vera ein sosial møtestad og ei «varmestove» for utøvarar, støtteapparat, supportarar, media og sponsorar. I tillegg kjem kyrkja til å ha døgnbemanna beredskap og psykososial oppfølging ved akutte hendingar. I pressemeldinga står det å lesa at Sjømannskyrkja har sett opp mellombelse kyrkjer som dette i samband med OL (alle vinter-OL og dei fleste sommar-OL) i tillegg til ski-VM sidan 1996. Alvsvåg har arbeidd i mange av desse.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.