annonse

Bømlingane over landssnittet i antibiotikabruk

: Ill. (Foto: Colourbox.com)

I følgje den nye Folkehelseprofilen for Bømlo 2017 ligg Bømlo høgare enn landssnittet i bruk av antibiotika.

Grethe Kjøsnes

Dette eitt av punkta folkehelsekoordinator Anne Beth Njærheim har merka seg spesielt.

Antibiotikabruken i kommunen er høgare enn i landet som heilskap, målt etter mengd utleveringar av antibiotika på resept pr. 1000 innbyggjarar.

- Eg kan ikkje hugsa tal på antibiotikabruk frå dei tidlegare folkehelseprofilenen for Bømlo. Mogeleg det er eit nytt punkt som har komme til. Men uansett så viser dei høge tala i år at dette er eit problem me må finna ut av, seier Anne Beth Njærheim. Ho strekar under at trass i at Folkehelseprofilen viser dårlege tal på enkelte område i undersøkinga, er det gode tal på andre område.

- Bømlo scorar jo høgt på drikkevasskvaliteten og drikkevassforsyning. Faktisk høgare enn heile landet. Den grøne søyla er så høg at ho går ut av søylediagrammet i øvre kant, seier Njærheim. Elles trekkjer ho fram følgjande positive område der Bømlo i følgje folkehelseprofilen 2017 utmerkjer seg i forhold til landet elles.

Det er færre med låginntnekt og færre born av einslege forsørgjarar enn i resten av landet. Det er framleis lågt fråfall i den vidaregåande skulen og færre ungdommar som rusar seg (tal frå ungdata). Kommunen har høgare forventa levealder for kvinner og mindre forskjell på levealder mellom låg- og høgt utdanna.

Ein del punkt er ikkje endra frå førre folkehelseprofil

- Me held framleis stand når det gjeld lågt fråfall i den vidaregåande skulen. Eg må elles opplysa om at dei ungdommane som er tekne med i denne undersøkinga er alle dei som er folkeregistrerte i Bømlo. Dermed er ungdom som går på vidaregåande skular andre stader, men folkeregistrert på Bømlo, med i denne undersøkinga. Lesedugleiken til femteklassingane har òg vore dårleg i førre folkehelseprofil. Elles viser han at det er fleire behandla for hjarte/kar sjukdom i sjukehus. Tala frå folkehelseprofilen viser elles at det er låg vaksinasjonsdekning på meslingar i Bømlo, seier Njærheim.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.