annonse

Bømlo-nytt held stand

STOLT
STOLT: - Det blir jobba godt av alle tilsette i avisa vår, det er nok ein viktig grunn for stabiliteten me opplever, seier redaktør i BØMLO-nytt, Randi Olsen. (Foto: NILS-TORE SELE)

Opplagstala for norske lokalaviser er klare. Bømlo-nytt opplever stabilitet og lojale lesarar.

Nils-Tore Sele

– Statistikken for opplagstala for lokalavisene for 2017, viser verkeleg at lokalaviser vert lese framleis. Me er nøgd med vår posisjon i lokalsamfunnet, seier redaktør i Bømlo-nytt, Randi Olsen om oversikta frå Landslaget for lokalaviser, som i dag offentleggjorde opplagstala for fjoråret for sine fleire enn 100 medlemsaviser.

Stabilt opplag

Opplagstalet for Bømlo-nytt i fjor viser ein ørliten nedgang, om ein samanliknar med 2016.  Opplaget har gått ned med eitt eksemplar, og tala viser framgang for nettabonnement. Opplaget enda på 3.204 i 2017 mot 3.205 året før. 

– Eg er nøgd med at me ser stabile tal, og vonar at me i 2018 får tilbake den som me mista. Det er i alle fall eit lite delmål for dette året, seier redaktør Randi Olsen.

For mange norske aviser er situasjonen slik at fleire abonnentar vel å gå over til nett- og eavis-abonnement.

– Dette er slik for Bømlo-nytt også, men rørslene er ikkje store her heller. Det er stabilitet som går att, seier Olsen om veksten på fire fleire i dette segmentet.

Ho understrekar at lesarane som grunnregel vert tilbode samlepakke på papir- og digitalabonnement. Dei som berre ønskjer digitalabonnement får også det.

Les også: Slik gjekk det i 2016

Lokalaviser står sterkt

Å lesa avis på mobil er den nye trenden ute mellom avislesarane, det viser også att på trafikken på Bømlo-nytt sine plattformar. Olsen opplyser at 2017 var første året på 19 år at bransjen opplevde vekst i samla opplag for avisene tilknytt både MBL og LLA. Mellom medlemsavisene i Landslaget for lokalaviser (LLA), finn ein særleg fådagersavisene som kjem ut i bygder, tettstadar og bydelar landet rundt.

Over ein tredjedel av desse lokalavisene aukar opplaget, dei øvrige går noko tilbake det siste året. Lokalavisene tilknytt LLA har eit samla netto-opplag på nesten 330.000 eksemplar.

Samla sett går opplaget til LLA-avisene ned med beskjedne 0,23 prosent frå det eine året til det andre. Over tid har opplaget til lokalavisene vore stabilt.

Sandnesposten går aller mest fram blant lokalavisene og er opplagsvinnar for fjoråret. Avisa auka med 876 eksemplar og held fram med opplagsveksten avisa har hatt dei siste åra.

Opplagstala viser at Haugesunds Avis gjekk ned med 101 eksemplar, frå 19.713 til 19.612 i 2017. Sunnhordland på Stord sitt opplag gjekk ned 30 eksemplar, frå 6.129 i 2016 til 6.099 i fjor.

– Lim og lupe

Generalsekretær Rune Hetland i LLA seier at lokalavisene står  svært sterkt mellom lesarane sine.

– Lokalavisene tek samfunnsansvar og er lim og lupe i lokalsamfunnet. Avisene våre byggjer lokalidentitet og engasjement i nærmiljøet. Fleire lokalaviser satsar no på ein kombinasjon av nett og papir, og det gler oss at lesarane set pris på å få innhaldet vårt på forskjellige plattformar. Me ser også at reindyrka nettaviser veks sterkt. Dette viser at folk gjerne betaler for god lokal og truverdig journalistikk. I tillegg er lokalavisene ein effektiv marknadsplass for lokale og nasjonale annonsørar, seier generalsekretæren i LLA.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.