annonse

Bømlo-nytt i ny app

Lansert
Lansert: Redaktør Randi Olsen i Bømlo-nytt trur folk vil like den nye Bømlo-nytt-appen (Foto: Håvard Hammarstrøm)

– Kjære abonnent. I dag kan du laste ned ein nyutvikla Bømlo-nytt-app til smarttelefonen, og få lokale nyhende rett i baklomma.

Håvard Hammarstrøm

Det seier redaktør Randi Olsen i Bømlo-nytt, ei lokalavis som ligg langt framme digitalt, men som har mangla éin ting – ein nyhendeapp for smarttelefonar. No er endeleg tida inne.

Meir aktuell

Frå og med i dag kan du lasta ned «Bømlo-Nytt»-appen i App Store og Google Play, og såleis ha svært god tilgang til nyhende frå nærmiljøet ditt.

– Den nye appen gir oss endå eit digitalt verktøy som me kan bruka til å bli meir aktuelle overfor lesarane våre. Me får mellom anna høve til å senda pushvarsel, seier ansvarleg redaktør Randi Olsen i Bømlo-nytt.

– Veldig enkelt

Appen er utvikla av Agderposten Medier i Arendal, som Bømlo-nytt samarbeider med.

– For dei som alt er logga inn på Bømlo-nytt.no på mobilen, er det veldig enkelt å lasta ned appen og bruka han med ein gong. Appen er tilgjengeleg både for Android og IOS (iPhone), legg Olsen til.

Ho håper leseopplevinga skal bli endå betre med den nye appen.

– Med ein lettare tilgjengeleg tekst, og særleg biletvisinga, trur me folk vil merka ei stor positiv endring, seier Olsen.

www.bomlo-nytt.no vil halde fram som før på mobil, nettbrett og PC/Mac.

Les meir om appen på bomlo-nytt.no/app

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.