annonse

Bømlo pilot for sjølvkøyrande bussar?

Kongsberg
Kongsberg: På Kongsberg går det føre seg testing av førarlaus buss. I april startar testing av kostebilar, og etter kvart skal det også testast ut sjølvkøyrande køyretøy for godstransport med lastekapasitet på 25 tonn (Foto: Applied Autonomy)
Teknologioptimist
Teknologioptimist: – Wärtsilä er langt framme i utvikling av autonome skip. Teknologien er moden, seier Hovland (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Saktegåande
Saktegåande: Bussen som blir testa på Kongsberg får i testperioden gå i maksimalt 13 kilometer i timen (Foto: Applied Autonomy)
Testing på vinterføre
Testing på vinterføre: Ein del av testinga så langt har skjedd på snødekte vegar (Foto: Appleid Autonomy)
I planleggingsfasen
I planleggingsfasen: Arbeidet med å planleggje pilotprosjektet på Kongsberg starta i 2016. Dette biletet vart teke i samband med planlegginga. På biletet ser me næringssjef i Kongsberg kommune, Ingar Vaskinn (t.v.), saman med ordførar Kari Anne Sand, dagleg leiar Svein-Olav Torø i Kongsberg Innovasjon og dagleg leder Olav Madland i Applied Autonomy (Foto: Kongsberg Innovasjon)
Utvida rute
Utvida rute: Den førarlause bussen har i testperioda hatt ein «bussvert» som har kunne gripe inn dersom det skulle bli naudsynt, men bussen har gått av seg sjølv. Ruta har etter kvart blitt utvida frå gågata til å omfatte ein større del av sentrum (Foto: Applied Autonomy)

Ordførar Odd Harald Hovland meiner Bømlo bør ha sin eigen «bygdebane» om 12 år.

Håvard Hammarstrøm

I kommuneplanarbeidet ser kommunen fram mot 2049. Då må ein våge å løfte blikket og sjå langt fram, også med tanke kollektivtrafikken, meiner Hovland.

I formannskapet synte han nyleg til ein artikkel i Kommunal rapport. Der blir det spådd autonome, sjølvkøyrande bussar om 15 år. Det blir også synt til eit pilotprosjekt på Kongsberg med testing av sjølvkøyrande buss.

Hovland meiner Bømlo bør bli ein pilotkommune for sjølvkøyrande buss i vår del av landet, og til formannskapet sa han at ein «bygdebane» på Bømlo innan 2030 er realistisk.

Saktegåande
Saktegåande: Bussen som blir testa på Kongsberg får i testperioden gå i maksimalt 13 kilometer i timen Foto: Applied Autonomy

Starta testing i oktober

Pilotprosjektet på Kongsberg blir gjennomført i samarbeid mellom selskapet Applied Autonomy, Kongsberg kommune, Nettbuss, Statens vegvesen og det fylkeskommunale kollektivselskapet Brakar.

Prosjektet er også ein del av EU-prosjektet Sohjoa Baltic, eit prosjekt som igjen får pengar frå Intereg – Baltic Sea Region-programmet i EU.

Kongsberg kommune har sett av 375.000 kroner årleg i åra 2018–2020 til prosjektet.

På vinterføre

Olav Madland er dagleg leiar i Applied Autonomy, selskapet som gjennomfører testinga av dei sjølvkøyrande bussane i bykommunen i Buskerud.

Han seier røynslene på Kongsberg så langt er gode. Testinga i sentrum starta 10. oktober i fjor, og har halde fram igjennom vinteren. Testing på snø har vore ein viktig del av prosjektet.

Tilbakemeldingane frå brukarane er så langt positive. Madland, som fortel at han har vitja vener på Rubbestadneset, meiner same type bussar gjerne kan testast på Svortland, dersom dei økonomiske føresetnadene kjem på plass. Han er open for samarbeid med fleire kommunar.

I vår del av landet har Tysvær kommune alt gjennomført ein mogelegheitsstudie, og det er gjennomført ein demonstrasjon på Rennesøy.

– KPMG lagar kvart år ei oversikt kalla Autonomous Vehicles

Readiness Index som syner i kva grad ulike land i verda er klare for å ta i bruk autonome køyretøy. I 2018 var ikkje Noreg med på lista i det heile. I år gjekk Noreg rett inn på tredjeplass, på plassen føre USA. Det fortel noko om utviklinga.

Teknologioptimist
Teknologioptimist: – Wärtsilä er langt framme i utvikling av autonome skip. Teknologien er moden, seier Hovland Foto: Håvard Hammarstrøm

Bømlo bør vera tidleg ute

– Kan dei gjera det på Kongsberg, så må me kunne gjera det på Bømlo, seier ordførar Hovland til Bømlo-nytt. Innbyggjarane trekk ofte fram kollektivtilbodet som noko dei er misnøgde med. Frekvensen på avgangane er for låg. Autonome bussar kan etter kvart sikre så mange fleire avgangar enn i dag at ordet «bygdebane» er naturleg, meiner han.

– Me snakkar altså om hjulgåande trafikk og ikkje skjenegåande. Med utviklinga av vegane og vegstandarden på Bømlo, og teknologiutviklinga me no ser, bør me vera litt spenstige når me tenkjer kollektivtrafikk i framtida. Det er potensial i å få eit betre tilbod i dag, men framover skjer det utruleg interessante ting. Eg er teknologioptimist, og sjølvkøyrande køyretøy trur eg kjem. Det kan bli type minibussar som går førarlause på Bømlo og til Leirvik, seier Hovland.

Han har lufta tankane i felles kommunestyremøte mellom Bømlo og Stord, og på eit regionalt planforum i regi av Hordaland fylkeskommune. Fylkesadministrasjonen synte interesse for utspelet.

– Nokre vil seie at dette er ein heilt vill idé, og det er nok nokre år fram, men me ser kor raskt utviklinga går, og kva som alt skjer på Kongsberg og på Fornebu. Dette er høgst realistisk. Det kan knytte kommunen tettare saman med mindre bilbruk og vera ein stor fordel, ikkje minst for barn, ungdom og eldre.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.