annonse

Boset flaut

Bos 1
Bos 1: På rasteplassen ved Spissøybrua såg det slik ut i helga. (Foto: Privat)
Bos 2
Bos 2: Sjølv om ein set plastposane med boset inntil konteinarane, er fuglane snare til å dra det utover plassen. (Foto: Privat.)

Slik såg det ut på rasteplassen ved Spissøy i helga. No har vegvesenet rydda opp.

  • | Randi Olsen

Rasteplassen på Spissøy, like ved brua, er den første staden på Bømlo der turistar kan stoppa og få ein pust i bakken.

Men slik det ser ut, er det ikkje mykje freistande, skriv ein av lesarane vår som har sendt oss desse bileta. Det kom fleire og stansa for å gå i Kobbavågen like ved, kanskje for å bada, skriv vedkommande i e-posten, og for han som bømling var det direkte flaut å stoppa slik som det såg ut på plassen.

– Mange frivillige, idrettslag, grendelag, gardslag og andre, brukar av fritida for å rydda bos og plast og gjera det fint. Og så er det andre som berre kastar boset frå seg, dette er trist, skriv han.

Er rydda opp

 - Då me såg dette no i føremiddag, tok me kontakt med SIM for å høyra kor ofte desse konteinarane vert tømde, seier Roger Lemme i Statens vegvesen. 

 - Det vert dei to gonger i veka og det skulle  halda, meiner han. Lemme fortel at då Statens vegvesen kom for å rydda på staden, hadde nokon kome dei i forkjøpet, då var det fint og reint. Truleg er det folk frå SIM som har vore der.  

- Konteinarane var langt frå fulle då me var på staden, så her er det rett og slett folk som ikkje har gidda å opna loka og dytta plastposane sine inn i konteinaren. Eller kanskje har plastposen vore så full at dei ikkje har fått han inn. I staden for å dela bosset opp, slik at dei fekk det inn gjennom luka, har dei berre sett posen frå seg.  Då er ikkje vegen og tida lang før fuglane kjem og meskar seg med innhaldet og dreg det utover, seier han. 

- Det er eigentleg ikkje verken Statens vegvesen eller andre sitt ansvar å rydda opp, men det er klart at me også ynskjer at det skal sjå reint og fint ut langs vegane våre. Eg skulle ynskja folk flest tenkte det same, særleg no når det har vore så mykje snakk om og fokus på plast og anna forureining, sukkar han. 

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.