annonse

Brann i fritidsbåthamn

Lenser
Lenser: Bømlo brann og redning har lagt ut lenser tvers over Klenevågen for å hindra vrakgods og diesel i å spreia seg utover, forklarte brannsjef Ove Halleraker. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Utbrent
Utbrent: Fleire fritidsbåtar er totalskadde i brannen. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Båtbrann Klenevågen
Båtbrann Klenevågen: Politiet granskar undervassbilete saman med Bømlo brann og redning (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Høg temperatur
Høg temperatur: Bømlo brann og redning klarte å hindre brannen frå å spreie seg ytterlegare. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Etterforskar brannen
Etterforskar brannen: Politiet er på staden og gjer sine undersøkingar (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Raskt sløkt
Raskt sløkt: Fleire båtar stod i full fyr og var i ferd med å gå ned då brannvesenet kom fram. Bømlo brann og redning sikra at brannen ikkje fekk spreie seg vidare til denne båten. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Store verdiar har gått tapt
Store verdiar har gått tapt: Ifølgje NRK har det gått tapt verdiar for fleire millionar kroner (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Nyttig utstyr
Nyttig utstyr: Politiet er på staden og gjennomfører sine undersøkingar. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Ingen personskade, men i alt ni fritidsbåtar har sokke eller er skadde etter ein brann i båthamna i Kleneveågen nord for Urangsvåg i dag tidleg.

  • Randi Olsen Og Håvard Hammarstrøm

Meldinga om brannen i båthamna kom inn kl 0535 i dag tidleg og alt tilgjengeleg mannskap frå Bømlo brann og redning og politiet rykte ut. Brannen var meld sløkt like før klokka 0600, og det er ikkje meldt om personskade i samband med brannen.

Sju fritidsbåtar ligg no heilt eller delvis under vatn, medan to andre er skadde i brannen. Brannsjef Ove Halleraker sa til NRK at det er lagt ut oljelenser for å hindra vrakgods og diesel i å spreia seg ut av båthamna.

Det har også vore fyr i kaien, men brannen har ikkje spreidd seg vidare. I følgje NRK er det gjort skadar for fleire millionar kroner.

Teksten held fram under.

Båtbrann Klenevågen
Båtbrann Klenevågen: Politiet granskar undervassbilete saman med Bømlo brann og redning Foto: Håvard Hammarstrøm

Frykta spreiing

Då Bømlo-nytt var på staden i 0730-tida heldt politiet på å granske undervassbilete ved hjelp av undervasskameraet til Bømlo brann og redning. Brannsjef Ove Halleraker opplyser til Bømlo-nytt at dette mellom anna vil kunne gjere det mogeleg å betre oversikt over kor mange båtar som ligg under vatn.

– Det var ein forbipasserande som oppdaga røyken i halv seks-tida og som varsla oss. Då me kom hit brann det godt i fleire båtar, og dei gjekk ned etter kvart. Då me fekk meldinga var me redde for at brannen skulle spreie seg til terrenget, og det brann i kaia opp mot huset her, men me fekk ganske raskt kontroll over brannen, seier Halleraker. Med diesel og olje i sjøen var det også viktig å få lagt ut lense for at dette ikkje skulle spreie seg. Det er no gjort.

– No konsentrerer me oss om å hindre spreiing av ureining i sjøen, seier Halleraker. Då Bømlo-nytt var på staden var det uklart nøyaktig kor mange båtar som er totalskadde. Halleraker anslår 6-7 båtar.

– Det gjekk greitt å sløkkje. Me var som sagt redde for at brannen skulle ha spreidd seg og at terrenget stod i full fyr. Då hadde det vore mykje verre. Heldigvis gjekk sløkkinga raskt.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.