annonse

Brannbamsen Bjørnis klar til innsats

: Ove Halleraker med Bjørnis på armen. Brannbamsen vert no med på kvar einaste utrykking med brannbilar på Bømlo.
: Ove Halleraker med Bjørnis på plass i brannbilen.
: Varabrannsjef Ove Halleraker med Bjørnis.

Han er ein brun og blid liten teddybjørn i brann-uniform. Bjørnis er den nye brannmannen i brann-stellet på Bømlo.

Nils-Tore Sele

Det er 44 tilsette i heile Bømlo brannvern. No er tilsett nummer 45 på plass. Han er desidert den minste av alle, men oddsen er stor for at Bjørnis framover blir ein av dei viktigaste branntenestefolka på Bømlo.
- Hehe. Ja, han er ein kjekk kar, ikkje sant?
Varabrannsjef Ove Halleraker har brannbamsen Bjørnis godt i armkroken. Bjørnis skal snart bli godt kjent for dei fleste. Om ikkje lenge dukkar han kanskje opp på barne-tv. Bamsen kan bli brannvesenet sitt motsvar til Pelle politibil og Elias redningsskøyte.

Ein god hjelpar

- Bakgrunnen for at me har fått Bjørnis på plass, er eit brannseminar i Trondheim for ei tid tilbake, der eg var med. Der fortalde to brannmenn frå Trøndelag brann- og redningsteneste om Bjørnis. Det er nemleg derifrå ideen om brannbamsen og å bruka han i brannførebyggjande arbeid, kjem. Me er tidleg ute her på Bømlo med å knyta oss opp mot Bjørnis, det er ti brannvesen kringom i landet som no har blitt med i dette opplegget, seier Halleraker.
Bjørnis har i oppgåve å passa på dei andre brannmennene når dei er ute på oppdrag, men hovudoppgåva hans er å hjelpa barn som har vore så uheldige å hamna i ulukker.
Opphavsmennene til Bjørnis er den no pensjonerte brannmannen Bjørn «Bjørnis» Hellan frå Trondheim og hans kollega Rikard Heimen. Dei utvikla idéen etter inspirasjon frå Sverige, der brannvesena i årevis har delt ut bamsar til barn i samband med ulukker.

Viktig bjørn

Erfaringane Halleraker fekk høyra om i Trondheim, der det kom fram at brannbamsen både blir brukt til førebygging og ikkje minst har sin misjon når brannvesenet rykkjer ut, anten det er brann eller ulukker, gjorde at varabrannsjefen på Bømlo såg verdien av å få på plass teddybjørnen.
- Bjørnis er viktig, han. Tenk deg ei ulukke i bil, der barn er involvert. Får dei Bjørnis i fanget, kjem dei gjerne ut av sjokk, og får anna og kjekkare å tenkja på enn det traumatiske dei nett har opplevd. Slik blir Bjørnis eit veldig viktig medlem av brannstellet på Bømlo. Han får ei sentral plassering i brannbilane våre. Han sit på toppen av dashbordet, med full oversikt på alt som skjer. Eg trur nok at Bjørnis blir eit lite blikkfang framover når me køyrer ute i trafikken, smiler Halleraker.
Brannbamsen blir også brukt for å fremja branntryggleik. Han har fått si eiga nettside, www.brannbamsen.no, full av gode råd om emnet. Bjørnis oppfordrar barna til å passa på dei vaksne, og at dei gjer heimane så brannsikre som råd er.
- Når Bjørnis er blitt skikkeleg kjent, tippar eg at det er mange foreldre som kjem til å få spørsmål om dei har ferske batteri i røykvarslarane heime, ler Halleraker.

Pluss for førebyggingsarbeidet

I helga deltek brannstellet på Bømlo med informasjonsstand under den store maritime messa Kanaldagane. Her får Bjørnis sin introduksjon for folk flest.
- Me har no fått ein bjørn i kvar utrykkingsbil, og me har eit lite lager til å gje vekk, når det er behov for det under utrykking. Me kjem til å gje vekk informasjonsmateriell om Bjørnis og det førebyggjande brannvernarbeidet han er ein del av til alle som vil ha. Går det som eg trur, vil nok me få mykje merksemd frå dei aller minste på Kanaldagane, mykje grunna bamsen Bjørnis, seier Halleraker, og understrekar at Bjørnis blir med på laget når brannstellet framover vitjar både skular og barnehagar.
- Eg vil seia at me har vore ganske flinke på førebyggingsarbeid ute i skular og barnehagar tidlegare også, får me spørsmål om å komma, så stiller me gjerne opp. Det er likevel ikkje tvil om at me no har fått oss ein skikkeleg fin maskot, meiner varabrannsjefen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.