annonse

Brannvernet berga «Frigg»

Berga skøyta
Berga skøyta: Brannvesenet kom raskt til og fekk berga skøyta «Frigg» (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Skøyta «Frigg» tok inn vatn og var i ferd med å søkkja då brannvernet kom og berga skuta.

Håvard Hammarstrøm

Skøyta låg til kai på Lyngneset i Mælandsvåg, tok inn vatn og byrja få slagside. Brannvernet vart varsla like før klokka 13 fredag ettermiddag og rykte ut med alt tilgjengeleg mannskap frå brannstasjonen på Svortland. Brannsjef Ove Halleraker sa til Bømlo-nytt på staden at det var frakta to pumper om bord. Det tok ikkje lang tid før «Frigg» var på rett kjøl att.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.