annonse

Brannvernet har innført bålforbod

Bålforbod
Bålforbod: Normalt gjeld det generelle bålforbodet frå 15. april. Bømlo brann og redning har likevel vald å innføre bålforbod med umiddelbar verknad for å hindre bålbrenning palmesundag (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

Bømlo brann og redning innfører frå og med i dag, sundag, bålforbod i Bømlo kommune.

Håvard Hammarstrøm

Dette skriv Bømlo brann og redning på Facebook-sidene sine. Bakgrunnen for det generelle bålforbodet er vêrsituasjonen, står det å lesa.

Ikkje lov å tenne bål

Bålforbodet tyder at det ikkje er tillate å gjere opp eld i eller nær skog og utmark.

– Planlagd bål-, bråte- eller flatebrenning som allereie er meldt inn til brannvesenet kan ikkje lenger betraktast som godkjent. Grilling og bruk av bålpanne i eigen hage er framleis tillate, skriv brannvesenet. Generelt bålforbod gjeld vanlegvis frå 15. april til 15. september kvart år, gjeld skog og utmark, og er likt over heile landet, står det å lesa.

Travel veke

Denne veka har vore travel for Bømlo brann og redning. Torsdag braut det ut brann i båtanlegget i Klenevågen, der sju båtar vart totalskadde i brann. Same dag brann det i ein lekter som låg til kai i Hovlandshagen, og fredag kom eit bål ut av kontroll på Hiskjo. Brannsjef Ove Halleraker sa fredag til Bømlo-nytt at bålforbod vart vurdert kontinuerleg. I dag er det altså innført bålforbod.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.