annonse

Braut vikeplikta og køyrde på syklist

PÅKØYRD
PÅKØYRD: Ein syklist vart for litt sidan påkøyrd på Svortland. Politiet rykkjer ut. (Foto: Stine R. Rørvik/Arkivfoto)

Ein syklist vart i 17-tida onsdag ettermiddag påkøyrd ved bensinstasjonen på Svortland. Bilen som trefte han, braut vikeplikta.

Nils-Tore Sele

Politiet melde onsdag ettermiddag på twitter at ein syklist er påkøyrd på Svortland. Hendinga skjedde ved bensinstasjonen i sentrum.

Syklisten var medviten og vaken etter ulukka, og vart frakta i sjukebil til Stord sjukehus.

Politiet melde seinare på kvelden via twitter at føraren av bilen som køyrde på syklisten, ein mann i slutten av 50-årene, var avhøyrt av politiet og hadde erkjent brot på vikeplikta. Førarkortet hans vart beslaglagt. Syklisten, ein mann i slutten av 30-åra, vart avhørt på Stord sjukehus. Han har ingen brot etter samanstøyten men er kraftig forslått. Politiet opprettar sak.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.