annonse

Bremnes slo Frøya

Bremnes IL
Bremnes IL: Ny siger til Bremnes (Foto: Jarle Håvik/Arkiv)
Frøya-Bremnes 2-3 (1-3)

Bremnes vann over Frøya på bortebane.

Håvard Hammarstrøm

Bremnes starta kampen best, og tok leiinga ved Markus Habbestad etter 18 minutt. Guttorm Kallevåg la på til 0-2 då halvtimen var spelt, og Stian Habbestad Ytrøy la på til 0-3 på straffespark etter 34 spelte minutt. To minutt før pause reduserte Runar Skorge Stranden for Frøya. Laga gjekk til pause på stillinga 1-3 til Bremnes.

Ny spenning i kampen

I andre omgang skulle Anders Joar Berge redusere leiinga til Bremnes ytterlegare då han sette inn 2-3. Dermed vart det spenning og nerve i kampen til siste slutt. Heimelaget fekk ei skåring annulert på overtid, og heimelagets Marius Skutle pådrog seg gult kort for protestar mot assistentdommaren. Bremnes halte sigeren i land, og knappar dermed innpå Frøya i kampen om tredjeplassen i årets serie.

Dommar Hans Christian Stormoen (Årstad IL) delte ut i alt seks gule kort, tre til kvart lag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.