annonse

Bremnes vann bronsefinalen

Kom til bronsefinalen:
Kom til bronsefinalen: Bremnes-juniorane tukta Aalesund, i straffekonkurransen i åttandedelsfinalen. I bronsefinalen møtte dei KFUM-Kam Oslo. (Foto: Vidar Alfarnes)

Bremnes-juniorane vann bronsefinalen i A-sluttspelet i Norway Cup med 0-1 mot KFUM-Kam Oslo.

Håvard Hammarstrøm

Juniorane til Bremnes gjekk fredag på eit knapt tap mot Lizzy Football Club frå Ghana i semifinalen i A-sluttspelet. Laurdag ettermiddag var det dermed klart for ein svært spennande bronsefinale mot KFUM-Kam Oslo på Ekebergsletta. Det stod 0-0 til pause. I andre omgang gav Benjamin Brekke Munkholm Bremnes leiinga 0-1, og det vart også sluttresultatet. Dermed reiser Bremnes heim frå Norway Cup med ein finalesiger i B-sluttspelet (G17) og altså bronse til juniorane i A-sluttspelet. Me gratulerer!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.